5. oktober 2011

The The

Eg har ikkje skrive så mykje om musikk her inne. Men i dag tenkte eg det var på tide å skriva om favorittbandet mitt, nemleg The The. Eg har elska The The vilt og hemningslaust og lojalt sidan den første gongen eg høyrde dei i 1993. Det er kanskje litt rart å kalla dei eit band, for eg tenkjer først og fremst på Matt Johnson når eg tenkjer på The The. Han har vore den einaste konstante bandmedlemen sidan 1979, og sidan 2002 den einaste. Han er eit utruleg musikalsk talent som både syng og spelar haugevis av instrument (gitar, keyboard, bass, munnspel ... og sikkert fleire).

Slow emotion replay og Dogs of lust frå plata Dusk var dei første låtane eg høyrde. Eg hugsar at Dogs of lust blei spelt ein del i radioen, og at eg tok opp musikkvideoen frå eit musikkvideoprogram som gjekk på den tida (lukke!). Dette er Slow emotion replay, som eg spelte omatt og omatt i lange tider:



Opp gjennom tida har eg skaffa meg ganske så mange plater, men det dukkar stadig opp nye versjonar av gamle låtar, så eg trur nok ikkje samlinga mi er komplett. Musikken er veldig ulik frå plate til plate, men eg føler likevel at det er noko The The-isk over alle. Det som er så snodig med The The, er at musikken treffer meg midt i hjartet. Eg føler så innmari sterkt at dette er min musikk. Og tekstane er både vakre, triste, sinte, glade og såre. Vanskeleg å forklara, men eg har aldri opplevd det med nokon andre artistar før. Det er så mykje musikk eg blir lei av etter ei tid, men dette blir eg aldri lei av.

Det er typisk The The at songane utviklar seg veldig frå første til siste tone. Dei byggjer seg opp med stadig fleire instrument og nye variasjonar og krumspring. Og det er noko av det eg diggar aller mest. Eg oppdagar stadig nye ting i ein song eg har høyrt ein million gonger. I tillegg har Matt Johnson ei heilt fantastisk røyst som eg aldri blir lei av å høyra på.

Den eine favorittplata mi er Soul mining frå 1983. (Sjølv om alle platene eigentleg er det.) Her er nokre godtbitar derifrå ... umogleg å høyra at dette er 80-talet, i alle fall. (Eg skulle gjerne ha fjerna rammene slik at det berre var ein spelar som synte seg, men korleis får eg til det da?)

Giant:


Uncertain smile:


Og så ein fin ein frå Mind bomb, nemleg Beyond love:


Her er litt meir info frå Wikipedia. Artig å sjå kor mange som faktisk har vore med i bandet opp gjennom tidene!

2 kommentarer:

lise sa...

the The er en av mine absolutte favoritter også. Jeg oppdaget dem omlag på samme tid som du. Og gjett hvilken musikk jeg lytter til nå da?!

Ragnhild sa...

Så moro! Eg har ikkje møtt så mange The The-superfans opp gjennom åra:-)