For nokre år sidan strikka eg
denne fine genseren, og eg hadde eigentleg tenkt å gje han vekk, men så blei han liggjande. Etter å ha lege gøymt langt bak i eit klesskåp, dukka han no fram, og vips:
Tryggve er no 1 år og 3 md, og genseren er storleik 1.5 år. Men heldigvis strikkar eg ganske så laust, pluss at Tryggve ikkje er nokon lettvektar, så denne kjem til å passa fint utover vinteren.
Og sanneleg er eg ikkje i gang med endå ein ekorngenser, nemleg denne:
Foto: Drops garnstudio
Men det blir ikkje ein einaste beige tråd her i garden, nei. Ein kan no berre gissa kva fargar eg har gått for ... Elles er det utruleg diggbart å strikka rundfelling, sjølv om eg alltid er super-utolmodig etter å strikka bryststykket, der som regel det fine mønsteret er. Det er jo det som er artig å strikka!
Det er fint at ullsesongen er i gang!
7 kommentarer:
Fine gensar og jammen godt du oppdaga den før den vart forliten.
Flotte gensere. må si jeg beundrer strikkeferdighetene dine :) Digger ekornene :)
Sv: Vi kommer til å gå for lommebleier fra Bum Genious, så lenge de sitter godt på stumpen til den lille :) De virker veldig bra, synes jeg! Er litt usikker fortsatt om det blir knapper eller borrelås, da. Håper du skriver et innlegg om tøybleier snart, det er kjempefint å lese andres erfaringer! Og takk for tips angående forum!
19. oktober 2011 05:00
Oj, så fin genser! Du er flink, Ragnhild!
Kjempefin! Og han kler den svært godt :) For en kjekkas!
Heldige Tryggve! Det var en sabla fin genser.
Tusen takk for fine kommentarar!
Anja: Ja, eg skal skriva om tøybleier! Det er berre eit veldig stort tema, eg treng litt tid til å sortera:-)
Legg inn en kommentar