8. september 2011

Sakana sushi

I Prinsensgate 2 i Oslo sentrum, ikkje langt frå Jernbanetorget, der trikkar og bussar buldrar forbi, midt blant slitne narkomane, studentar, turistar og menn i stresskoffert på veg til Børsen, ligg det ein bitttteliten restaurant som du aldri i livet kjem til å opna døra til utan at du veit kva som gøymer seg der. Anten du bur i Oslo-området eller er her på besøk: Gå inn den døra! Der kan du nemleg eta kjempegod sushi!

Det er eit triveleg vietnamesisk ektepar som driv plassen. Mannen står på kjøkkenet og lagar sushien, medan kona tek imot bestillingar og serverer. Det er to bittesmå etasjar, og i andre etasje (etter å ha gått opp ei bittelita, superbratt trapp) kan du sitja og sjå ut på alle folka som hastar forbi medan du kjenner deg komplett usynleg for resten av verda. Alle utgåvene av Se og Hør ligg der også, så der kan du oppdatera deg på kjendisar i fred og ro utan at nokon bryr seg.

Då eg var gravid, laga dei sushi som vi (eg og Knut) etter kvart tok til å kalla "gravid-sushi" då vi skulle bestilla, altså sushi som er heilt fin å eta for gravide. Eg trur vi fekk spesialpris, til og med. Ja, og så kjøpte dei til og med inn glutenfri soyasaus (vanleg soyasaus inneheld nemleg gluten) etter at eg spurde om dei hadde det. Fantastisk service!

Bakgrunnen for denne vesle reklamen er at eg las dette oppslaget i dag. Eg blei så utruleg glad og nesten rørt då eg las at vesle, fine, fine Sakana sushi var éin av dei fire resturantane som gjorde det aller best. Så no veit du kva du har å gjera om du er sugen på sushi!

8 kommentarer:

Mint sa...

Jeg har også lyst på Sushi! Helt enig med deg i at Sakana sushi er et topp sted :) Jeg har ikke turt å spise sushi etter at jeg ble gravid, hvilke typer er trygt egentlig? Hva spiste du der?

Heidi / I'm with Leia sa...

Åh det skal jeg huske neste gang jeg er i Oslo - høres bare så hyggelig da :)

Rangla sa...

Så kjekt! Denne vil eg prøve. Har sjølvsagt gått forbi den fleire gongar, men tenkte med meg sjølv at det var nok ein luguber sushi-plass. Så fint at den bestod testen! :-)

Maud sa...

Et perfekt sushi sted. Jeg elsker det. Fint at du skriver om det på bloggen din. Det er ett sted flere i Oslo bør prøve ut.

AvMeg sa...

Fin blogg -likte overskriften/fotoet!
Jeg legger meg til som følger :-)
Fin dag til deg :-)

Fru Keilegavlen sa...

Spennande! Eg har aldri smakt sushi.

Ragnhild sa...

Mint: Det er lettare å seia kva som er utrygt å eta, for det er rett og slett tunfisken ein bør styra unna.

Heidi og Ragnhild: Ja, de vil ikkje angra:-)

Maud: Eg har inntrykk av at det har blitt ein meir og meir populær plass i området. Særleg etter at dei fekk bankterminal;-)

Fru Keilegavlen: Det er aldri for seint å prøva!

AvMeg: Så kjekt, da. Velkomen til staden min!:-)

Siri @ Strikk og tøys sa...

Takk for tipset! Jeg sverger til Samurai Sushi som ligger i samme kvartal som jeg bor i, men er selvsagt åpen for å teste andre og :-)