30. september 2011

36 år!

30. september! Datoen gir meg berre trivelege assosiasjonar, sjølv om eg fyller heile 36 år denne gongen. Eg øver meg på å ikkje stressa med at eg nærmar meg 40, men i staden ropa hurra og jubla over at eg har sprada rundt på jorda i endå eitt år.
Her er eg på bursdagen min for fire år sidan. Eg er på fjelltur på heimlege trakter. Og eg innser at både hausten og håret mitt var mykje raudare enn i dag (og håret var eit par meter lengre). Men eg trenar framleis på finaste Krønsj, og dit har eg faktisk tenkt meg i dag når arbeidsdagen er over. Hurra for meg!

7 kommentarer:

Linda sa...

Gratulera med dagen.

Gagn sa...

Gratulerer med dagen!!

Mint sa...

Gratulerer med dagen, håper det blir en fantastisk dag!

Fru Keilegavlen sa...

Gratulera med dagen!! Håpar den vert fantastisk bra!

Steffen sa...

Iblant tenker jeg at 36 er mye, men det er helt til jeg kommer på at jeg straks blir 36 selv. Gratulerer med dagen!

Lykkerusk sa...

Hipp hurra for deg!

Ragnhild sa...

Tusen takk for fine helsingar på dagen min! Eg hadde ein veldig fin dag:)