15. august 2011

I mål med favorittbuksa

I mai sydde eg denne til Tryggve. Buksa har vore mykje i bruk i sommar. Så då kjøpte eg endå meir av det tynne cordfløyelstoffet for å sy ei bukse til. Denne gongen kjøpte eg stoff i ein mosegrøn farge. Og eg sydde gule lappar på knea – denne gongen trefte eg litt betre med dei, dvs. det blei ikkje legglappar, men knelappar.



Eg tykkjer det artig å sy med kontrastfargar her og der, sånn som då eg festa lappane.









Det blei gult skråband. Eg byrjar å bli flinkare til å sy i svingar no! Og knappane gjekk det også betre med. 



Eg strauk også på denne søte ugla på bringa:





... men ho byrja losna allereie etter ein vask, diverre. Nokon som har triks for å få sånne figurar til å sitja fast skikkeleg? Det var lim på baksida, så det var jo berre å stryka over med strykjernet?



Buksa i bruk:







Eg skal definitivt sy fleire bukser! Men det blir ikkje fleire til Tryggve denne sesongen. I går måtte vi nemleg fram med ulla ... så ullsesongen er rett rundt hjørnet.

6 kommentarer:

Heidi / I'm with Leia sa...

Fantastisk bukse Ragnhild!!! Tror jeg skal sende bilde til svigermor sammen med et stort hint at hun bør sy mere slik at min lille en dag også kan få så kule bukser.

PS cordfløyel er bare en klar favoritt og med gult kantbånd så fryder det mitt retro hjerte ekstra mye.

Synd at du allerede må frem med ulla, her i DK har det heller ikke vært god bomullsesong i år, jeg har selv tatt frem min store ull cardigan og er glad at det er ull på strikkepinnene :)

Ha' en super uke!!

Ragnhild sa...

Ja, buksa er fantastisk, altså. Praktisk og fin! Oppskrifta er henta frå den danske strikkeboka "Børnetøj du selv kan sy", kan du tipsa svigermor om;-)

Heidi / I'm with Leia sa...

Super Ragnhilde, det skal jeg skrive ned :)

Mariann T. sa...

Hei!

Jeg har lyst til å sy den buksa til min lille pode, men lurer veldig på hvordan du klarte å få lappene til å sitte på knærna, og ikke på leggene?

Ragnhild sa...

Eg hadde jo sydd buksa ein gong før, og då plasserte eg lappane for langt ned. Så no justerte eg lappane i forhold til dei. Du må nesten berre bruka augemål og sjå på poden din. Og plassera dei lenger opp enn du trur, det erfarte i alle fall eg;-) Lukke til!

Ruskefrøken sa...

Kjempefin bukse, altså! Jeg har den samme boka, så tror jeg skal prøve meg på denne jeg også. Jeg pleier å feste slike strykebilder som ugla med noen sting rundt for hånd i tillegg.

Det var samboeren min som nettopp ropte ut til meg: "Denne bloggen kommer du til å like!", og det har han helt rett i! Og det gjør han også(Steffens pappablogg), så nå er vi følgere begge to:)