4. juni 2011

Solbukse i bruk

I fjor sydde eg denne søte babybuksa. Eg sydde i storleik 1 år og var ganske spent på om ho ville passa til Tryggve. I dag var det fantastisk fint vêr, så det var dagen for å sjekka det.  

Og hurra! Buksa passa! Endeleg eit plagg eg har laga til han som ikkje er for lite!
Den fine t-skjorta (med stilige seglbåtar) fekk han då han blei fødd og har berre lege i klesskapet og venta på sommaren. Ho passa jo ganske så bra til buksa. Eg har lyst til å sy fleire bukser, men eg har så mange andre syprosjekt på planen, så det blir nok ikkje tid til det. 
Det var dagen for å investera i solhatt! Og hatten var jo prikken over i-en.

5 kommentarer:

Silje sin blogg sa...

Så gossin bukse på gossin gutt;)

Marit sa...

Nydelig bukse på en herlig gutt! Og fantastisk at det er vær til slike klær! :)

Ragnhild sa...

Takk begge! Ja, herleg med sommar og sommarklede. Var lei av å kle på lag med lag med ull no:-)

Tale sa...

Utrolig fin bukse! Hvor har du mønsteret fra? Hilsen Tale (med gutt nr 2 i magen)

Ragnhild sa...

Så koseleg, Tale:-) Mønsteret er frå denne boka: http://www.capris.no/product.aspx?isbn=8764103331