26. juni 2011

Om å bera barnet sitt

– Det er praktisk, koselig, og barna roer seg uten gråt. Ikke rart at stadig flere oppdager fordelene ved å bære barna sine tett inntil kroppen.  

 

Det og meir til om å bera barnet sitt kan ein lesa i denne superfine artikkelen som stod i Dagsavisen her om dagen. Der står eigentleg alle dei gode argumenta for å bera ungen sin.


Eg/vi har berre gode erfaringar med å berre poden i beretøy. Då han var sånn ca. 3 månader, kjøpte vi eit vevd beresjal. Om kveldane, då han kunne vera uroleg og sutrete, knytte eg han fast på magen i sjalet. Då roa han seg fullstendig, la hovudet sitt inntil brystet mitt. Og sovna. Det var heilt magisk medisin! Eg brukte alltid knytinga som vi ser på biletet under (frå oktober 2010). Då eg møtte folk ute, sa dei alltid at dei tykte det såg så komplisert ut å knyta. Men det er det faktisk ikkje. Det er veldig enkelt å læra seg. Eg fekk gode instruksjonar av dei som arbeider på butikken Bæreglede, og eg lærte mykje av å sjå snuttar på Youtube.


Då vi reiste til Spania i november, tok vi ikkje med oss vogn. Det var heilt fantastisk å sleppa å drassa på vogna. Vi hadde berre med oss beresjalet + meitai, som vi også hadde kjøpt på det tidspunktet. Det blei litt tungt å bera guten på magen då vi gjekk på lengre turar, så då var meitai veldig fin til å bera  han på ryggen med. Meitaien blei stødigare, på ein måte. 

Dette er i Malaga, og poden sit godt plassert og søv på ryggen til pappan. Det var smale fortau, fullt av folk og brusteinar over alt. Dersom eg var baby, er eg ikkje i tvil om kva eg ville ha valt som framkomstmiddel. 

Det gjekk også fint å ha guten sovande i meitai på magen. Når som helst, faktisk!

Vi har eigentleg slutta å bruka både sjal og meitai. Veslingen er ikkje så liten lenger. Han er 13 kg og snart 1 år. Og då fann vi ut at det som var stødigast å bera han i, var beresele. Vi kjøpte nettopp ein Manduca beresele som er supergod å bera i. Det er som å bera guten i ein god, anatomisk tursekk der vekta ligg på hoftene. Og guten diggar framleis å vera tett inntil oss. Dersom han er hyper eller uroleg, roar han seg tvert når han blir boren.

Her er vi på tur i marka i går. 

Ein treng sjølvsagt ikkje å kjøpa så mange beretøy dersom ein vil bera babyen sin, men dei ulike beretøya har ulike fordelar. Det eg likte best med sjalet, var at poden blei så tett omslutta meg. Det var nesten som å vera gravid att. Meitaien var stabil, men eg tykte selane gnog noko innmari på skuldrene etter kort tids bering då poden blei større. Bereselen gir ingen gnagsår og er enkel å ha på. Dessutan blir vekta veldig godt fordelt. Det finst også spedbarnsinnlegg i han, så han kan brukast frå ungen er ganske så liten. Eg ville nok ha valt vekk meitaien dersom eg skulle ha kjøpt meg beretøy på nytt.

Ei oppsummering av beretøya våre, som vi alle kjøpte på Bæreglede:
Vevd sjal: Zara
Meitai: Tettitett

7 kommentarer:

BenteOO sa...

Eg bar sjølv sonen - no 23år - i Babybjørn og seinare Ryggmeis og hadde stor glede av det!

Du viste så greitt til kor ein kan kjøpe ulikt utstyr, men fann likevel at eg skulle supplere med å vise til det siste Quiltemagasinet 3/2011.

Der er det ein rikt illustrert 3 sides artikkel av Ida Thorkildsen som på ein god og lettfatta måte viser korleis ein kan sy ein Mei tai og korleis barnet i ulike aldrar/storleikar skal/kan bærast på magen eller på ryggen.

Love and vegetables sa...

jeg signerer dette innlegget:)

jeg bruker fortsatt mei taien mye på freja (snart 15mnd). brukte ringslynge fra nyfødt og til ca 6 mnd, og så selvsagt den gode gamle bæremeisen når vi går lengre turer i skogen etc.
mei taien er favoritten min, den er så behagelig, og jeg kan ennå ha henne foran på magen hvis vi vil (var feks på ikea med henne her om dagen, og da var det godt å kunne variere med foran og bak).
bæring er praktisk, koselig, nært og viktig.

jeg bar ronja (nå snart 7) til hun var godt over 2 (da i ringslynge).

klem*

Ragnhild sa...

Bente: Ja, det blir stadig meir poppis å sy sin eigen meitai. Det er kult!

Love and vegetables: Å, bering er kos, uansett alder! Eg fekk ikkje heilt dreisen på ringslynge. Kjøpte ei som eg selde. Uansett: meitai er favoritten til pappan. Han kan kryssa selane på magen når poden er på ryggen, og det gir god stabilitet. Eg kan av visse anatomiske grunnar ikkje gjera det same ... Men med selane knytte som på ein sekk, får eg berre SÅ vondt i nakken. MEN heldigvis: Det fine med beretøy er at det finst noko for ein kvar smak og eit kvart behov:-)

Tøybleiemamma? sa...

Her er det lite bæring for tida, men det er bare for jeg er gravid. Hvis ikke skulle jeg veldig gjerne gått til barnehagen med poden på ryggen. Gleder meg i alle fall veldig til å bære på en nyfødt liten bylt igjen. Både i sjal og mei tai og bæresele.

Ragnhild sa...

Åja, bering av eit lite nyfødd nurk er superkos, tøybleiemama.

Rangla sa...

Eg vart veldig inspirert av å lese innlegget ditt. Vurderer sterkt å gå til innkjøp av ein Manduca beresele. Den kan brukast både foran og bak, ikkje sant?

Rangla sa...

No har vi omsider kjøpt oss ein bæresele, og det vart ein Manduca. Allereie så utruleg nøgd med den! Kjenner omtrent ikkje at ho heng på meg! :-) Noko heilt anna enn Babybjørnen vi har brukt nesten heilt fram til no...