21. juni 2011

Graslauk!

Å, eg skulle ønskja eg hadde ein hageflekk der det voks graslauk tett i tett! Kvar dag går mamma ut med ein skarp kniv i handa, ut i det grøne havet, og skjer av ein diger bunt med graslauk. Bunten blir klipt opp i små lengder, akkurat passe lange nok til å strø over ei brødskive med f.eks. leverpostei på. Eller kvitost. Eller kva som helst, eigentleg. Det er utruleg godt! Eg har enno ikkje smakt den lilla blomen som veks på toppen av graslauken. Det verkar så barbarisk å eta han. Men han skal visst smaka godt han òg.


3 kommentarer:

Love and vegetables sa...

NAM!
jeg har ennå ikke fått til å dyrke gressløk, er ikke det litt rart? jeg får til mye med planter, men akkurat den - nei. hm. kanskje mammaen din har noen hemmeligheter å dele?

karina sa...

eg er samd med deg. å plukka graslauk høyrer også til barndomsminner - kvar gong mormor laga eggerøre måtte eg springa ut, under terrassen, ta med med kjøkensaksa og klyppa nokre strå med meg inn. det vart alltid for mykje. likar forresten svært godt bilete du har heilt der oppå toppen. fint.

Ragnhild sa...

Love and vegetables: Eg veit ikkje om det er så mange løyndomar. Eg spurde mamma, og ho svara: Anten kan du så løkar, eller så kan du så frø. Mamma har sådd frø ein gong for lenge sidan, og så har frøa ødsla seg. Frøa sit oppi den lilla blomen:-) Så no kjem det graslauk kvart år, på vidt forskjellige plassar i hagen.

Karina: Så koseleg barndomsminne:-) Biletet på toppen av bloggen har eg teke i Årdal i Sogn.