5. mai 2011

Tøysete tøysetopp

Eg har strikka tøysetopp frå Pickles. Brukte bomullsgarn derifrå også. Her er toppen rett før eg festa den siste tråden:
Strikka i storleik 2 år til poden på snart ti månader (brukte mindre pinnar enn i oppskrifta). Men eg får ikkje toppen over hovudet hans ... og armopningane ser litt små ut også. Det er mogleg eg felte litt stramt, rett og slett. Eg likar eigentleg rundfelling, men her tykte eg fellingane blei veldig synlege. Laga liksom hakk i mønsteret. Kanskje pga. at bomullsgarn er litt stivare enn ull? Eg likar nok best å strikka i ull, ja. Æsj. Så dette blei ein tøysete tøysetopp, rett og slett. Men eg trur han kan passa fint til ein annan unge, altså. Han passa berre ikkje til min unge.
Noko positivt til slutt: Eg likte godt rillene. Dei gav ein fin effekt. Og fargane blei også fine. Men eg går nok tilbake til ullgarn no ja, sjølv om det er sommar snart.

6 kommentarer:

Torunn sa...

Kjempesøt! Flotte smekker i innlegget under.

Mette sa...

Hm, meiner du at andre barn stort sett har mindre hovud enn din? Han ser jo underbar ut. Irriterande med det som ikkje vert heilt som det skal. Nydelege fargar.

Ragnhild sa...

Takk, Torunn! Ja, kanskje han har større hovud, Mette? Han er i alle fall stor for alderen. Eg trur trøya passar fint til nokon som er lang og slank:-)

Siri @ Strikk og tøys sa...

Kjempefine farger!
Jeg har laget denne, og opplevde at halsen ble trang. Valgte derfor å lage en knapp i halsen, men har ikke fått prøvd den på noen enda.
Her er tøysetoppen min med knapp; http://strikkogtoys.blogspot.com/2010/08/lakserosa-sommer-tysetopp.html

lise sa...

Veldig søt tøysete topp!

Ragnhild sa...

Smarte Siri! Eg visste ikkje at du hadde strikka denne - burde ha henta tips frå deg før eg gjekk i gang. Kanskje eg rett og slett må rekka oppatt ... sjølv om det er veldig lite freistande.

Takk, Lise!