7. februar 2011

7 månader!

Hui, kor det går! Søtnosen har blitt så stor! No har han fått si første tann. Han kan sitja utan støtte og romstera med leikene i leikekassa si. Han et graut og diverse anna mosete mat (men er ikkje superivrig – pupp er framleis best), og seier LALALALA og MAMMAMMAMM (eller NAMNAMNAM?) når maten kjem inn i munnen. Han ler mykje oftare enn før. Han likar å dra meg i håret og klora meg i andletet (eg tolkar det som ei kjærleikserklæring).

I helga var vi på IKEA og kjøpte eit fantastisk artig leiketeppe. På teppet er det sydd fast ein frosk og ei marihøne som lagar lydar, ein edderkopp ligg gøymd bak eit blad, her er ei sol som eigentleg er ein spegel og ei åme som er fin å bita på. Og fargane er kjempefine. Her ser vi eit glimt av teppet. Og Tryggve som optimistisk prøver å få tak i tøyfotballen.

3 kommentarer:

Marit sa...

Ja, det skjer så utrolig mye de første månedene! Er jo fantastisk å få respons og få vite bittlitt om hva som skjer i de søte små hodene. Fin gutt! (og navnet er virkelig langt over snittet fint spør du meg)

Ragnhild sa...

Ja, det er faktisk spanande kvar dag, for det skjer nye ting heile tida. Og eg tykkjer jo sjølvsagt også at både guten og hamnet hans er fint. Takk for fine ord!:-)

Tøybleiemamma? sa...

Kjempefint teppe :-)
Du har forresten fått en award på bloggen min