27. desember 2010

Den vesle bjørnen og den vesle tigeren-kjeks!

Vi er over i romjula, så eigentleg burde eg ha blogga om dette funnet før jul, men betre seint enn aldri. Rett før jul var eg nemleg innom den nystarta og fantastisk fine kaféen/butikken Liebling, som ligg øvst i Markvegen i hovudstaden. (Eg trur ikkje kaféen har nokon nettstad, men det finst ei fangruppe på Facebook.) Kaféen er tyskinspirert både i matvegen og når det gjeld andre varer dei sel. Og då må dei sjølvsagt selja den vesle bjørnen og den vesle tigeren-effektar! Historiene om den vesle bjørnen og den vesle tigeren hugsar vel dei fleste som voks opp med barne-tv på 80-talet. Og bøkene som barne-tv var basert på, er den mest fantastiske barnelitteraturen eg veit om. Omsett frå tysk til nynorsk. I alle fall, på Liebling selde dei dette:

Fantastisk! Her kan ein altså stikka ut kjeks (og peparkaker, fann eg ut) med frosken, tigeranda, haren, den vesle tigeren og den vesle bjørnen! Tysken min er ganske rusten, men eg trur eg skulle greidd og laga kjeksene på baksida:

Ein kan også laga diverse variasjonar over oppskriftene, og dei kan ein klippa ut:
Noko så søtt! Smelt, altså.

Eg laga rett og slett peparkaker:
Dette er ganske små figurar, altså, så dei passar perfekt til små kjeks. Dersom du ikkje har den store Bibelen om den vesle bjørnen og den vesle tigeren, kan du kjøpa boka her. Passar perfekt for barn i alle aldrar.

7 kommentarer:

Mette sa...

Åh, sånne vil eg og ha. Fantastiske bøker.

Kort og Søm sa...

Jeg samler på pepperkakeformer, så dette var midt i blinken! :O)

I'm with Leia sa...

Så kult! Digger tigeren og bjørnen - spesielt den om Panama :)

Hørte om butikken i går - håper jeg får tid til å stikke innom mens jeg er i Oslo - takk for link og søte pepperkaker bilde :)

Ragnhild sa...

Eg veit ikkje om andre plassar der formene er til sals, Mette - kanskje Liebling sel dei neste år også?:-)

Kort og Søm: Ja, desse formene må vera med i ei kvar peparkakesamling!

I´m with Leia: Ja, du bør absolutt ta turen til Liebling, altså! Dei sel utruleg mange kule ting som du ikkje finn på andre plassar. No får eg forresten til å sjå oppdateringane dine på bloggen min. Takk!:)

Rangla sa...

Eg drog rett på Liebling etter tips frå deg og kjøpte den aller siste pakken med formene! Fekk diverre ikkje tid til å bruke dei før jul, men ser at dine peparkaker vart superfine! Godt nyttår!

Ragnhild sa...

Så artig, Ragnhild!:-D Du kan jo laga kjeks med dei også;-)

Fivrel sa...

Å, kjære vakre vene, dette syner at eg er NØYDD til å lese bloggen din mykje oftare enn eg har gjort i det siste - tenk at eg har gått GLIPP av dette fantastiske tipset! Eg ELSKAR Janosch, har mange bøker frå min eigen barndom og har kjøpt mange i etterkant. Ikkje berre om bjørnen og tigeren (Til Panama, til Panama er ein favoritt- om korleis ein kan reise jorda rundt på leit etter lukka, for berre å oppdage at ho heile tida var heime, i det kjæraste kjende der). Men også Josef med tryllefela og ein heil haug andre knalltøffe figurar.

Her må eg iallefall innom og kikke etter andre fine ting neste gong eg er i hovudstaden, så takk for at du tipsar! :-)