14. september 2010

Om å byggja reir

Det kjem til å blir litt babysnakk her på bloggen framover, er eg redd. Men eg håpar og trur at andre også kan ha glede og nytte av å lesa om alle dei små og store røynslene eg gjer meg innafor dette nye universet.

Det eg har lyst til å dela denne gongen, er noko vi lærte då Tryggve var innlagd på nyføddintensiven på sjukehuset. Vi lærte å byggja reir alle plassar der han låg. Dei kalla det faktisk reir på sjukehuset, det er ikkje noko vi har funne opp. Alle spedbarna på nyføddintensiven blei pakka inn i reir. Her ser vi reiret i vogna til Tryggve:
(Legg også merke til at han held rundt natursutten som eg skreiv om i det førre innlegget. Her har han den minste varianten.)

For å laga eit reir, treng ein berre noko som er mjukt og godt å ha inntil hovudet. Vi har halde oss til helsepledd, sidan det var det dei brukte på sjukehuset. Det er berre å rulla saman pleddet og leggja det i ein passe stor sirkel rundt hovudet, slik at ungen får god støtte. Då Tryggve var nyfødd, la vi eit samanrulla helsepledd rundt føtene også. No er han vorten så stor at det ikkje er plass til det i vogna. Men i senga har han pledd både rundt hovudet og føtene. (Så vi har altså fire helsepledd i alt. He-he.)

Logikken bak å byggja reir, er ganske enkel. I ni månader har den vesle lege samankrølla i eit tett og trygt miljø, og på slutten har det vore ganske så trongt. Når den vesle kjem ut i den nye verda, er det trygt for den vesle å kjenna seg tett omslutta, anten det gjeld å bli halden rundt av mor og far, bli pakka godt inn i pledd, eller liggja i reir når han skal sova.

Vi ser at Tryggve likar å liggja i reir. Han søkjer inntil pleddet med hovudet og legg seg godt til rette når han skal sova. Dersom han er uroleg og ikkje får til å sova, pakkar vi ullpleddet tett rundt han og lagar fotbukt med det. Og då er det skikkeleg reir! Dette er noko av det mest geniale vi har lært så langt, trur eg.

5 kommentarer:

Kort og Søm sa...

Ja, å pakke inn de godt inn i helseteppe likte alle mine tre barn veldig godt, de falt til ro.
Nydelig liten baby.
Klem :O)

Rosa+epler sa...

-ja, me vil lesa!

Me byggje reir her også!

-men her hos oss vart ikkje natursutten noko suksses, hmm kanskje ikkje prøvde nok. Ho likar landhandelsen sin.

God onsdag til dåko.
Me skal på lunsj, det er stas.

*også har eg gløymt å sei at eg synest namnet Tryggve er så fint!! -ekstra fint med to g´ar*

Elisabeth

Torunn sa...

Så koseleg! Nydeleg bilete.

Fivrel sa...

Eit retteleg reir, ja! Dette var nytt for meg, men den fyrste tanken då eg såg biletet var "åå, så koseleg", så det ligg kanskje i instinkta at ungar også, i tillegg til kjuklingar og kaninungar og grisungar (mødrene til alle desse lagar seg reir etter beste evne) har det trygt og varmt og godt i eit reir.

Det er interessant at du seier han roar seg snøgt på denne måten - ein liten digresjon som passar inn her kjem frå tida eg arbeidde som omvisar på eit gamalt bygdetun heime. I vogga låg ei dokke som var reiva, altså surra inn i lange remser av tøy, slik at ho låg som ei lita pakke med kroppen og føtene sine. Mange turistar kommenterte - ojoj, nei, SJÅ det stakkars barnet, medan eg freista etter beste evne å forklåre det eg hadde fått høyre, at ungane roa seg når dei vart reiva. Ein dag kom ei nederlandsk dame som arbeidde på ei nyføddavdeling på sjukehus. Ho fortalde at spedbarn med mødre som var narkomane, var veldig urolege små barn (hadde abstinensar må vite) - og desse bruka dei å reive, med godt resultat.

Så reirbyggjing skal ein ikkje kimse av! :-)

Ragnhild sa...

Torunn og Kort og søm: takk:-)

Elisabeth: Så artig at du likar namnet - det gjer vi også:-) To g-ar er den opphavlege skrivemåten - same som på Island, der dei skriv Tryggvi.

Fivrel: Nei, reiving er slett ikkje skummelt, ekkelt eller farleg:-) Då Tryggve skulle ta MR då han var nyfødd, blei han reiva dønn fast til ein planke, og det såg heilt forferdeleg ut. Men han sovna tvert:-)