29. august 2010

Natursutten

I klassikaren Mamma for første gang har Gro Nylander ei overskrift som heiter "Smokk – venn eller fiende?" Det seier vel alt om kor omdiskutert smokken er. Eg skal ikkje gå inn på argumenta for eller imot smokk, men etter at eg blei mor og oppdaga den anatomiske smokken som blir kalla natursutten, kan eg i alle fall gladeleg argumentera for denne smokken framfor tradisjonelle smokkar.

På Mammabutikken.no kan du lesa kvifor natursutten er så bra.

No er det litt vanskeleg å spørja hovudpersonen sjølv om kva han tykkjer om smokken, men alt tyder på at han likar han godt:

Hanken er ganske stor, så ofte ligg han og held rundt denne, faktisk. Søtt! I tillegg til at eg sjølvsagt likar at smokken er fri for gift og drit, likar eg særleg dette:
  • Når Tryggve sovnar med smokken i munnen, hender det at smokken ramlar ut og at han ligg med andletet på smokken. Fordi smokken er supermjuk, blir det ingen stygge avtrykk i andletet. Det er veldig praktisk om natta, når vi ikkje har høve til å få med oss alt som skjer.
  • Det er ingen holrom i smokken, så han er enkel å halda rein. Det er berre å leggja han i kokande vatn i nokre sekund, så blir han fin. (Vi har fleire smokkar vi byter mellom, altså.)  
  • Eg likar at smokken etterliknar ammesitusjonen – både dette med at smokken er så stor og at tutten har den fasongen som brystvorta får når ungen syg i seg mjølk. No har Tryggve aldri hatt problem med å få i seg mjølk, men for dei som slit med det, vil eg tru at smokken kan vera fin. Tradisjonelle smokkar krev nemleg ein annan sutteteknikk enn ved puppen, og nokre babyar greier ikkje denne vekslinga.
  • Han er kul å sjå på! Det er litt sånn retrostil over han. Eg veit ikkje kor mange spørsmål vi har fått om kva i alle dagar det er Tryggve suttar på, og det gir jo eit godt høve til å reklamera for natursutten.
Det finst fleire utformingar av smokken, dvs. smokkar som er mindre og som er pynta litt på (vi har denne også, men eg hugsar ikkje kvar vi kjøpte han.) Smokken kan kjøpast på fleire nettbutikkar og i Oslo har dei han i alle fall på Barnevognhuset Rudo og Den kule mage.

4 kommentarer:

Tøybleiemamma? sa...

Vi prøvde denne i starten, men den ble litt for stor. Har ikke prøvd den i senere tid, men kan hende jeg prøver igjen nå. Har ikke tenkt på det argumentet at den er myk om natten. Her finner jeg nemlig ofte smokken under han om morgenen, og det kan ikke være særlig behagelig.

rypa sa...

Smukken var kul og ser god ut, men Gro Nylander skal du få billig. Diverre.

Midtbo sa...

Har sett denne smokken på bleieboden.no, men synes bare den så litt rar ut. Nå ble jeg plutselig veldig overbevist av dette innlegget. Ord som naturlig og mykt klinger godt i ørene mine. Søtt bilde!

Ragnhild sa...

Tøybleiemamma: viss du tykkjer omkrinsen er stor, kan du kjøpa dei med mønster - dei er ein del mindre.

Rypa: He-he, eg er da ikkje imot smokk. Eg trur derimot Nylander er veldig skeptisk til det.

Midtbo: Hugs å kjøpa smokken med anatomisk tutt! Dei finst nemleg med rund tutt også, noko eg ikkje heilt skjønar poenget med. Ikkje la deg lura av fotoa på Bleieboden, altså - smokken er både søt og mjuk:-)