7. mars 2010

Optimistisk prosjekt?

Det er vååår i lufta og eg gler meg til å kasta vintersko og vinterklede og ta på meg sommarlege klede! Eg er nøydd til å utvida garderoben min til sommaren, og difor har eg kjøpt dette kjolemønsteret på nettet:

Eg planlegg å sy den rosa varianten, men ikkje i rosa stoff, då. Eg planlegg å bruka eit gammalt, grønblomstrete dynetrekk. Mønsteret ser veldig enkelt og greitt ut, og det er veldig gode forklaringar, trass i at det står på engelsk. Likevel: Dette kjem til å ta tid! Eg har klipt opp halvparten av mønsterdelane eg treng, og det tok laaang tid! Eg er jo slett ingen proff.

Problemet er at eg er ein blanding av storleikane small, medium og large, og eg er ikkje flink til å tilpassa mønster til kroppen min, så eg må nok sy ein prøvekjole av eit jallastoff for å sjå korleis eg må tilpassa. Eg tør ikkje å klippa opp det fine dynetrekkstoffet før eg er sikker på at mønsterdelane er i riktig storleik. Så får vi sjå om eg rekk å bli ferdig før eg kan gå i dei vanlege sommarkjolane mine igjen ...

3 kommentarer:

Kort og Søm sa...

Ta mål av deg selv, brystvidde og stussvidde og dobbelt sjekk med mønsteret, før du klipper i stoffet! :o)

Ragnhild sa...

Ja, eg har måla av meg sjølv frå før eg byrja å esa ut her og der. Brystvidda tilsvarer small, hoftevidda tilsvarer large, og elles er eg medium. Men alle mønsterdelane må jo passa saman, og det er vanskeleg å få til når proporsjonane mine er som dei er:-) Eg har uansett teke utgangspunkt i medium, sidan det er dei måla som er tydelegast innafor marginen. Så vi får sjå om eg kan juksa det til.

Strikk og tøys sa...

Dette er jeg sikker på blir kjempefint! Gleder meg til å se resultatet :-)