8. mars 2010

I høve kvinnedagen

... presenterer eg ein liten biletserie frå Bogerud tekstil, der eg var innom i førre veke på jakt etter alt anna enn lyseblått og lyserosa. Ord blir overflødige:


Dei har mykje anna fint der, altså, så eg skal vera litt grei og leggja ut eit anna bilete frå butikken:
Garn og garn og atter garn! Og syutstyr. Jippi!

4 kommentarer:

Nina sa...

Bogerud - på Bogerud - er ei perle! Eg saknar den plassen, kunne trille via marka på null komma niks. Men eg handla barnekleda ein annan stad, altså.

Gudrun sa...

Eg vil gjerne forsvara Bogerud tekstil, altså. Sjølv om eg berre har vore på den i sentrum. Det beste utvalet av Janus-ullklede her i byen! Og Safa (Samnanger fabrikker)! Janus har rett nok rosa og lyseblått, men òg kvitt, brunt, raudt, svart, grått, grønt og mørkeblått. Det einaste eg har å utsetja på Janus, er at babystillongsane deira berre passar for feite beibiar, og at dei brukar bokmål. Dei kjem jo frå Arna. Men det skal eg skriva eit brev til dei om.

Ragnhild sa...

Ja, bileta er frå Bogerud på sjølvaste Bogerud, då eg var med på trilletur ut i marka:-)

Eg elskar butikken, Gudrun, berre ikkje akkurat denne veggen. Han måtte berre dokumenterast.

Kort og Søm sa...

Tusen takk for tips!! :o)
I forrifjor sydde jeg en kjole i den rosa varianten, det hadde jeg helt glemt...*smiler*..