15. mars 2010

Kjoletips

Til alle lesarar med kul på magen som strevar med å finna finklede/kjolar: Butikken Svangerskapet her i Oslo har mykje fint! Dersom du ikkje bur i Oslo, treng du ikkje fortvila, for dei har nettbutikk òg (sjølv om utvalet i den fysiske butikken nok er litt større).

Eg blei heilt i ekstase då eg fann denne kjolen og boleroen då eg var innom:
Særs godt nøgd! Kjolen er laga i eit silke-look-alike-aktig stoff, og det er mogleg å veksa i han frå alle vinklar og kantar. Eg har jo streva veldig med å finna fine kjolar, noko som resulterte i dette syprosjektet, så no håpar eg berre at eg greier å halda symotivasjonen oppe, trass i at eg har funne ein butikk som kan dekkja kjolebehovet mitt ...

4 kommentarer:

Anonymous sa...

Nydlig kjole og nydelig liten mage Ragnhild! Gler meg til å surfe innom å sjå kor godt du klarer å fylle den ut ;)

Gratulerer so masse frå Beathe, som ogso må berømme den fantastiske syprosjekt-ekstaveganzaen.

Ragnhild sa...

Takk for det, Beathe! Det kjem nok meir babyrelatert stoff utover, så følg med, følg med!:-)

Hege sa...

Til lukke med kulen og kjolen!

Eg er litt misunneleg på nokre av syprosjekta dine, eg har veldig lyst på eit sånt sekstitalsmønster! Men det er sjeldan eg eigentleg får fingeren ut og syr noko.

Kos deg med magen, det blir spennande å sjå kven som er inni!

Hege

Ragnhild sa...

Takk, Hege! Ja, eg er spent på å sjå han som er inni!:-) Og lukke til med syinga!