22. februar 2010

To nye København-favorittar

Det er den siste kvelden i København for denne gongen. Trass i regn, vind, sludd og alt slikt har det vore eit herleg opphald. København skuffar ALDRI. Ein treng ikkje å ha planar for å koma til denne byen. Det er berre å gå ut, rusla rundt i gatene og vips! – finn ein ein fantastisk fin kafé eller ein koseleg butikk ein aldri har sett maken til.

Denne gongen testa eg ut garnbutikkar. Det er mange garnbutikkar i sentrum, og ein av favorittane blei Bette design. Nettstaden er veldig dårleg, men butikken er utruleg! Garn frå heile verda, og utvalet av økologisk garn er kjempebra. Dessutan er det veldig mange fine strikkeoppskrifter der. Ho som eig butikken, er ei utruleg triveleg dame, og ho kunne fortelja meg at eg ikkje var den første nordmannen som hadde vore innom der. Ikkje så rart, kanskje:-) Eg kom ut av butikken med færøysk garn, og det har eg aldri ått før:


Det fanst også som 1-trådsgarn og 3-trådsgarn (eg kjøpte 2-trådsgarn).

Den andre favoritten denne gongen blei kafeen Granola i Værnedamsvej 5. Ufatteleg stilig stil! 30-talsstil på alt frå møblar til mat. Vi kjøpte hønsesalat med eple, karri, selleri og anna digg oppi, i tillegg til fantastiske smoothiar. Kaffien var slett ikkje verst (eg har alltid låge forventningar til kaffi), og vi gjekk ut derifrå med ein boks Kusmi-te, ein gamaldags kaffiboks og pastillar med bikinidame utanpå boksen. To glimt:


4 kommentarer:

Kort og Søm sa...

Det var fint garn! :o)

Klutene mine har jeg strikket en runde rett/vrang, så neste runde rett. Sånn holdt jeg på til ønsket lengde!

Kjøbenhavn hørtes deilig ut...lenge siden jeg har vært der.
Ha en fin dag :o)

Torunn sa...

Så flott garn!! Eg har aldri vore i København, men har alltid hatt lyst til å reise dit.

Ragnhild sa...

Eg kan tilrå København-tur til begge to! Byen er eit mekka for alle som er glade i sying, strikking og andre kreative prosjekt:-)

Strikk og tøys sa...

København er en av mine favorittbyer! Jeg har ikke vært der etter at strikkeinteressen min "tok av" så jeg gleder meg til neste besøk. Nydelig garn du fikk tak i, Ragnhild :-) Og takk for tips!