1. februar 2010

Ein knapp her og ein knapp der ...

Eg har oppgradert knappesamlinga mi litt etter å ha hamstra i mange fine butikkar på Etsy og Epla. Det er eit heitt tips dersom du treng originale knappar, altså: surf! Eg trur eg har nok knappar for ganske mange år fram i tid, og sikkert inn i neste liv òg, for eg har berre tenkt å bruka dei til klede som eg syr og strikkar. Eg treng jo ikkje mange knappar per plagg ... Sjå så fine dei er då! Herlege fargar og mønster! Eg har lyst til å eta dei opp. 

 

Glimt av nokre av favorittknappane:

Epleknappar!

 
Knappane eg har mest lyst til å eta opp. 


Blomeknappar som skin så fint. 


Katteknappar og ugleknappar! Desse likar eg veldig godt blant anna fordi dei er heimelaga.
Ugleknappane har eg ein konkret plan for, og resultatet kjem eg snart til å visa fram på bloggen.

Men no er noregsglaset mitt med knappar fullt, så heretter skal eg sy og strikka og ikkje kjøpa. Og kanskje skal eg eta nokon til dessert ein dag. Nam!

4 kommentarer:

Kort og Søm sa...

Åhh...her var det mange fine knapper...heldige deg...*smiler*..
Klem Fredrikke :o)

MagFly sa...

Oj. veldig fine ugleknappar.

Ragnhild sa...

Ja, ugleknappane er fantastiske! Seljaren lagar øyredobbar med uglene på òg. Sikle, sikle ...

lise sa...

Knapper er moro - og veldig dekorative i Norgesglass, så fine at det ikke er måte på hvor mange mange knappeglass man kan ha stående... Flott samling du viser!