9. januar 2010

Oransj!

Eg har blitt veldig glad i oransje den siste tida. Rett før jul kjøpte vi oss omsider taklampe til stova. Etter å ha budd i kåken i 2,5 år utan eit einaste straumuttak i stovetaket (og dermed utan taklampe), fekk vi endeleg elektrikar på besøk på nyåret, som fiksa både uttak og oppheng av lampe.

Lampejakta varte vel i 2,5 år, og det var ikkje moro. Men til slutt fann vi henne. Lampa blei designa av sjølvaste Piet Hein i 1929. Han var ikkje berre flnk med ord, han var eit geni på funksjonell design også. Denne lampa er eit godt døme på det. Ho gir veldig godt lys, og eg blir glad av å sjå på henne. I motsetnad til alle dei tusen lampene vi såg på før vi kjøpte denne. Lampa finst både i raud, blå, grøn, svart, kvitt, off-white og oransje, men valet var ganske enkelt. Vi har så mykje grønt og blått i kåken, så vi måtte berre ha ein kontrastfarge som går fint til grønt og blått. Og då blei det oransje, sidan svart og kvit er keisamt, og raudt er ein smule skrikande.



På bordet under ser vi, i tillegg til litt rot, korleis det siste strikkeprosjektet mitt står i stil til den fine lampa.



Eg strikka den same jakka i brunt, gult og grått ein gong før – sjekk ut her. Eg diggar denne oppskrifta,  så eg måtte strikka ei til. Det går superfort å strikka henne.



Blåfargen er i angoraull frå Nøstebarn, og det er mjukare enn merinoulla derifrå. Veldig godt garn å strikka med!



Eg sydde i nokre kjempesøte knappar (kjøpt på Nøstebarn), som det står "klok", "smukk", "ull" og "unge" på, sidan den komande eigaren av jakka høgst truleg er ein klok og smukk ullunge.

I og med at eg er inne i ei oransje bølgje, lurar eg på om det kanskje gjer at det er enklare å fullføra det oransje strikkeprosjektet eg starta på til meg sjølv for snart eitt år sidan.  Det er ei undertrøye til meg sjølv, og det stoppa heilt opp då eg stod fast på ermefellingane. Denne oppskrifta er også frå Strikk til nøstebarn, men ikkje like god som stripejakka. For det første er det feil i oppskrifta, og for det andre er det dårlege forklaringar. Grrr, då blir eg sint.

Til slutt: Favorittmiddagen for tida er sjølvsagt også i riktig farge. Det er gulrotsuppe frå den fantastiske kokeboka Aktivistens kokebok, som eg vil rå alle til å kjøpa. Perfekt og enkel middag å laga når ein kjem inn frå den bitande vinterkulda.


7 kommentarer:

MagFly sa...

Veldig fin lampe. Kvar får ein tak i dei der?

Ragnhild sa...

Ja, vi er veldig nøgd med lampa:-) Cirka Design er visst dei einaste i Noreg som sel lampa (sa dei, i alle fall). Dei sel både brukte og nye lamper og møblar i ulik design. Her er dei: http://www.cirkadesign.no/

Anja Dahle sa...

For en nydelig lampe! Den fikk jeg også lyst til å ha over spisebordet. Fin blogg du har, forresten :)

Ragnhild sa...

Takk for besøket! Eg er veldig nøgd med lampa. Kan absolutt tilrå å kjøpa henne:-)

Ingvild Aursøy Måseide sa...

Ja, ungen blir nok både smukk og klok :)

Strikk og tøys sa...

Så fin jakke! Jeg har strikket en del fra Strikk til nøstebarn, men ikke prøvd meg på denne jakka enda. Tror jeg må skrive den opp på lista mi over planlagte prosjekter :-)

Ragnhild sa...

Ingvild: reknar med det;-)

Strikk og tøys: Takk! Jakka er utruleg kjekk og enkel å strikka - du bør absolutt kasta deg over denne:-)