9. august 2009

Stripestrikk!

Denne jakka har eg strikka til ein krabat som blir fødd om nokre månader. Det var eit veldig artig strikkeprosjekt på grunn av stripene. Det geniale er at ein ikkje treng å fella av – jakka får fasong av at ein strikkar ulike lengder på stripene. (Ein strikkar altså ikkje nedanfrå og opp, men sidelengs og rundt.)


Eg brukte grått, gult og mørkebrunt garn, men her er det jo berre å bruka fantasien, alt etter kva garn ein har liggjande.


Eg sydde i fire ulike knappar som eg kjøpte i ein bruktbutikk, og det blei jo ganske fint.


Oppskrifta er frå Strikk til nøstebarn – ein stor favoritt!

5 kommentarer:

Hagemor sa...

Hei hei, fant bloggen din n¨år jeg googlet glutenfri...du har mye annet som er interessant, så jeg legger meg til som følger:))
ha en fin dag

Ragnhild sa...

Hei, og takk for koseleg melding! Så artig at du har ein glutenfri blogg, der skal eg byrja henga:-)

Kort og Søm sa...

Kjempe fin jakke du har strikket! Heter denne type srtrikking noe spesielt??
Forsatt god helg,
Fredrikke :o)

Ragnhild sa...

Takk!:-) Nei, eg veit ikkje om denne måten å strikka på heiter noko spesielt. Oppskrifta heiter "Babyjakke strikka i eitt stykke" dersom du vil ha tak i oppskrifta (blir seld i lausvekt på Nøstebarn). Det er berre rettstrikk heile vegen, veldig enkelt:-)

Eva Marie sa...

Eg veit om eit foster som vil verta veldig fin i denne jakka. Han har nemleg ei brun sparkebukse som mora hans strikka ferdig i går og som passar perfekt til jakka! ;)