15. juni 2009

Prosjekt spinatsuppe

Spinatsuppe er sunt. Det har eg lært av Skipper´n. Så då vi oppdaga fersk spinat på Smart Club som lokka med oppskrift på baksida av posen, gjekk vi sjølvsagt rett i garnet/baret. Dette var oppskrifta:

Eg vurderte faktisk å senda eit aldri så lite klagebrev. Ikkje først og fremst på grunn av alle orddelingsfeila og andre openberre rettskrivingsfeil (det krev eit eige brev), men på grunn av sjølve oppskrifta. Dette er nokre av dei mange spørsmåla som melde seg undervegs i matlagingsprosessen:
  • Det står at ein treng 300 gram spinat. Posen var på 250 gram ... Salstriks eller rett og slett dårleg planlegging? Vi la ikkje merke til det før vi kom heim, men 250 g gjekk jo fint det òg (... det blei ikkje akkurat mangel på spinat, jf. biletet nedanfor).
  • Kva er forskjellen på "Fersk basilikum" og "1/2 potte basilikum"?
  • Kor mykje er "2 1/2 cremefraice"? Er det 2 1/2 boksar, skeier, dl ...?
  • Kvifor må spinaten "tørkes tørr med husholdnings papir" når han likevel skal oppi suppa og bli våt som berre det?
  • Kvifor må eigentleg "cremefraiche" og kvitvin blandast med ein stavmiksar? Poenget er vel at ingrediensane berre skal blanda seg, og det går jo fint med å berre røra dei saman. Eller var det meininga å vispa blandinga ei stund, slik at han blir "luftig", som det står i overskrifta?
  • Eg forstod ikkje heilt poenget med å varma oljen "til den svir en fyrstikk". Korleis gjer ein det? Skal ein halda fyrstikka over oljen og venta på at ho blir svidd? Eller tek fyr?
  • Vi følte vel eigentleg at det blei litt ekstragavant å pynta suppa med fersk basilikum i og med at ho blei sjåande slik ut (vi hadde oppi pinjekjernar pga "tips" bakpå posen):

... men eg skjønar jo at det gjer seg med litt basilikum på toppen dersom det var meininga at suppa skulle sjå slik ut (!!!):


  • Ja, og då lurar vi alle på: kvar har det blitt av spinaten (3o0 gram, faktisk)???
Suppa var eigentleg god på smak (smakte fiskesuppe), men det var litt vanskeleg å få i seg spinatblada utan å splætta suppe over heile seg. Og spinaten smakte eigentleg ikkje så mykje. Men det funka bra med kvitvin til. Og pinjekjernane var uunnverlege (kvifor kunne ikkje dei vore ein obligatorisk del av oppskrifta?). Og trass i trongen til å skriva eit aldri så lite brev til produsenten, Elstøen gartneri, trøysta vi oss med at det i alle fall var sunt!

5 kommentarer:

rypa sa...

Knisfnis. Etter bileta å døme kan det vel hende den stavmiksaren skulle nyttast på cremefraichen/kvitvinen ETTER at spinaten var blanda oppi?

Og så har eg heilt gløymt å kommentere kjolen frå førre post. Bryllaupskjole til femtande august?

Ragnhild sa...

Godt poeng med stavmiksaren! Det er sanneleg ikkje godt å vita korleis oppskrifta EIGENTLEG skulle ha vore. Spørsmåla er mange.

Eg bør vel ha bunad i bryllaupet, kanskje. Men kan jo ha med kjolen i tilfelle det blir tropisk varmt.

rypa sa...

Bunad er kanskje best, ettersom statistikken tilseier at det vert tropiske nedbørmengder.

Mette Løkeland sa...

Eg held ein knapp på kjolen i alle fall etter kl 18..... Veldig sveitt å dansa i bunad

Nina sa...

Eg trur stavmiksaren er det essensielle med heile oppskrifta. ALT bør stavmiksast før ein et suppa. Har laga spinatsuppe kjempeenkelt før, og det var så enkelt at eg nesten ikkje hugsar kva eg hadde oppi (iallfall IKKJE friterte (?!) basilikumblad), men tok iallfall ein runde med miksaren rett oppi gryta rett før servering, og det vart prima. Knallgrøn suppe med gule egg oppi - skulle vore like flink som deg til å fotografere maten, så skulle du fått sett.