Det var det første eg sa i dag tidleg då eg såg overskriftene om at Michael Jackson var død. Pressa kjem vel til å fråtsa i spekulasjonar dei næraste vekene, can't wait ...
Dei første vage minna mine om Michael Jackson er at han reklamerer for Pepsi, og at han seier han vil bli nedfrosen etter at han er død for å bli forska på. Trur det var i 1988.
Eg skreiv særoppgåve i musikk om Michael sånn omtrent i 1989, hugsar eg. Eg skreiv oppgåva saman med Kamilla, og eg hugsar at vi hadde sånn før- og etter-bilete av andletet hans, og at vi skreiv at han nekta for at han hadde operert kløft i haka. Eg hugsar at eg så gjerne ville tru på han ... men det var litt vanskeleg. Og det blei vanskelegare og vanskelegare med åra ...
Det næraste eg har vore Michael, var då eg var i Salvador (Brasil) i 1996. Då gjekk vi rundt i dei same gatene der Michael nettopp hadde spelt inn den siste musikkvideoen sin, saman med unge og vaksne knytte til kulturorganisasjonen
Olodum, som arbeider mot rasisme, særleg rasisme som råkar afro-brasilianarar. Vi var der nettopp for å vitja Olodum, og dei snakka mykje om denne musikkvideoen, som veldig mange hadde vore med og spelt inn. Vi møtte ein liten gut som hadde vore med i videoen (eg tok eit bilete av han, til og med), og som hadde fått skikkeleg heltestatus i ettertid. Han såg ut som ein liten Michael look-a-like, med mørke solbriller og rasta-aktig hår og det heile. De ser eit glimt av han etter 5.31 minutt i videoen, som ligg
her. (Og eg kjøpte sjølvsagt Olodum t-skjorte, lik den eine som Michael har på seg i videoen.)
Men favorittlåta er uansett
denne.