Ingen tøystoff anno 2009 kan måla seg med dynetrekkstoffa frå 70-talet. På fine, fine
Sømmelig er det mogleg å kjøpa gamle dynetrekk og putetrekk, og i tillegg kan ein gå på sykurs i dei same lokala og læra å sy klede av dei herlege tøystoffa. Her om dagen var eg på kurs der (i søm av barneklede) halde av
ei som kan sine sysaker, og dette blei resultatet:

Herleg, ja? Det er ein kjole i storleik 2.5–3 år, noko eg ikkje heilt kan forstå, for
eg fekk han på meg før eg sydde i strikka (passa meg som bluse, ikkje kjole, altså;-)). Det er med andre ord ein veldig baggy kjole for ein liten unge, dette, men det er jo eigentleg berre fint. Eg sleit ganske mykje med å sy i strikken rundt halsen. Hadde aldri gjort det før, og det var vanskelegare enn eg trudde. Så halsstrikken blei ikkje så veldig fin, men då lærte eg i alle fall kva det innebar å sy i strikk! Kjekt å vita til ein annan gong.
Sukk, eg berre elskar dei gamle dynetrekka frå 70-talet! Dei er mjuke og gode å ta i etter mange års bruk og perfekte å sy nye plagg av så lenge dei ikkje er tynnslitne. Fargane er uimotståelge, og mønstra er elleville. Eg har ein plan om å snoka i skåpa til mamma og pappa, for eg trur det gøymer seg mange slike skattar der.
Med det same vi er inne på kreisi fargar: eg trur eg er inne i ei oransje bølgje for tida. Her er eit glimt av strikkeprosjektet eg held på med nett no:

Det er altså noko til meg sjølv, og eg vonar eg rekk å bli ferdig slik at eg kan gå med plagget før våren kjem. Nett no sit eg og ser ut på den strålande sola og snøen som smeltar, så det ser ikkje heilt lovande ut. Og i morgon er det jo 1. mars og alt! Nei, strikkesesongen nærmar seg slutten. I mars skal eg starta sysesongen for alvor!