25. november 2008

Dagens ungdom

Smart Club på laurdag
Gut bak kassa driv og slår inn varer, stoppar opp ved den eine vara og spør kunden:
– Hva er dette?
– Ingefærrot, svarar kunden.

I dag på Meny på Oppsalsenteret
Jente bak kassa driv og slår inn varer, stoppar opp ved den eine vara og spør kunden:
– Dette er en squash, ikke sant?
– Nei, det er en avocado, svarar kunden.

Kva tyder dette? Eg er sjokka! Eg trudde urbane ungdommar anno 2008 hadde peiling på alle slags eksotiske matvarer som finst i butikkane? Til og med på ultravesle Mjosundet Mat sel dei ingefærrot og avocado!

3 kommentarer:

Siri sa...

Konkluderer med at dagens ungdom tross alt er flinke til å jobbe!

Ragnhild sa...

Ja, dagens ungdom er fine, sånn sett:-) Men når dei arbeider på digre matvarehus med stort grønsaksutval, er det jo eit must å læra seg namna på alle dei grøne varene? Kanskje det er det som er problemet: å læra seg alle namna?

Anonymous sa...

Meh, dritungane klarer ikkje lære seg nynorsk og bokmål samstundes ein gong, kva forventer du eigentleg?