24. juni 2008

Mus i mur


Jepp, ein ekte mus-i-mur-tekst! Frå det som var læreboka mi då eg gjekk i første klasse (dette er ei bokmålsutgåve, så det er altså ikkje mi lærebok, reint fysisk). Eg skal ikkje gje meg ut på å seia kva eg meiner om det syntetiske perspektivet på den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa (tilhengjarane av dette perspektivet elskar det som blir kalla mus-i-mur-tekstar). Men eg trur ikkje det er direkte farleg å introdusera elevane for ord som inneheld bokstavar dei enno ikkje har lært.

4 kommentarer:

Marit sa...

Interessante perspektiv Ragnhild! det vert spennane å følge med når desse ungane faktisk skal byrje lese. Rasmus stava seg gjennom afrika på eigen hand i går. Kva er din ståstad på store vs små boksavar? Kva bør dei lære fyrst?

Ragnhild sa...

Rasmus er flink! Det er vanleg å byrja med store bokstavar, og det er jo greitt. Når det gjeld tempo på innføring av dei små, så er eg for å introdusera dei ikkje lenge etter dei store, helst parallelt. Mus-i-mur-entusiastar meiner at elevane må skjermast for dei små bokstavane heilt til dei byrjar på 2. trinn. Det er vilt. Meiner eg. Men mykje kjem an på læraren òg.

Anonymous sa...

Du skriv:
Mus-i-mur-entusiastar meiner at elevane må skjermast for dei små bokstavane heilt til dei byrjar på 2. trinn.

Hm, hm, er du så sikker på det? I mus-i-mur-boka di så er det jo berre små bokstavar, til og med i namna. Så det er kanskje noko som ikkje stemmer heilt her ...

Ragnhild sa...

Til anonym: eg har ikkje skrive noko om små bokstavar i innlegget mitt, så eg veit ikkje kva du har det frå.

Uansett: mus-i-mur-entusiastane meiner at mus-i-mur-tekstar høver å lesa uansett kor langt du har kome i bokstavinnlæringa.

Ofte er det slik:
1. trinn: berre læra store bokstavar i ei bestemt rekkjefølgje + lesa mus i mur-tekstar
2. trinn: læra små bokstavar + lesa mus i mur-tekstar
3. trinn: læra å skriva med samanhengande skrift + lesa mus i mur-tekstar