8. mai 2008

8. mai


Det er ei velkjend plage at handelstanden fyller opp med julesjokolade i oktober og påskeharar i februar. Dei sel ofte 17. mai-effektar i god tid òg, men det som til no har vore nytt for meg, er at dei FLAGGAR lenge før! I dag er det ni dagar til 17. mai, men utanfor Bryn senter vaiar norske flagg i vinden allereie. Det same såg eg i går og dagen før der på andre stader. Kva ER dette? Truleg er det den beste pynten dei kan koma opp med for å få folk til å kjøpa 17. mai-stæsj. Dei er desperate. Men eg kjøpte faktisk eit flagg.

4 kommentarer:

Jens Kihl sa...

Kva med frigjeringsdagen 8. mai? I går starta vi nytt lag i Førde - det burde vere eit flagg verdig. Og i morgon er det jo nasjonaldagen til EU. Så det er mykje å flagge for om dagen!

Flaggnazien Ingvild sa...

8. mai er offisiell flaggdag.

Ragnhild sa...

Ja, men det er no greitt. Men dei flaggar ikkje berre 8. mai. Det er det som er så merkeleg.

Anonymous sa...

Eva-Marie seier at du har rota det til for deg her no, Ragnhild kjære...

Eg forsvarar deg i eitt og alt, alltid.

Remi