12. februar 2008

Grensa er nådd

I dag prøvde eg ei brok på Bik Bok i storleik XL (EXTRA LARGE). Ho var FOR LITA!!! Eg rekna ut BMIen min her no, og han er på 21. Inkje tyder på at eg er ekstra stor, nei. Det verste er likevel at dei ikkje hadde større storleikar, MEN at dei hadde både medium, small og ikkje minst: EXTRA SMALL. Nei, det er ikkje sikkert eg er i Bik Bok si målgruppe. Men kven er det DÅ??? Det lurar eg på.

6 kommentarer:

synnoeve sa...

Herregud. Og det har ingenting aa gjera med at du er for gamal for maalgruppa: Eg veddar paa at 80 % av fjortisjentene der ute er for tjukke til aa kjoepa klede paa BikBok.

Eva Marie sa...

Kanskje "Personlig mote" og "Ellos" er meir for deg - du er jo trass alt over tretti, Ragnhild!

HO HO HO HO

Den sat på ein laurdagskveld, tenkjer eg! :)

Ps. Eg har nettopp slutta med storleik 36 og gått over til 38. KREZZZZI!!!

Helsing rorbu-jenta

Ragnhild sa...

Hahaha, kanskje det er Ellos som er greia, ja. Men eg likar ikkje å bestilla klede over nettet, for eg må jo sjekka om eg får dei på meg!

Kanskje eg må byrja å gå i kjerringbutikkar i staden. Det er jo ganske mange av dei her i Oslo. Verkar som om det er vide klede som er tingen når eg ser inn butikkvindauga, i alle fall.

(PS: Neste år er DU 30! Pass deg!)

Eva Marie sa...

Eg veit... eg skit snart i eiga rede. Eller kva det heiter. Men det er no forskjell mellom Bik-Bok og Ellos. Sparkjøp t.d!

HO HO HO HO

Kva med Carlings? Vero Moda? H&M? Pop-in er bra.

Over og ut. På tide og blanda seg ein ny dram!

Ragnhild sa...

Det heiter i alle fall ikkje rede, men REIR! Sparkjøp er vilt!

No byrjar rorboa på tvn her, så då er det på tide å logga av. Hoho.

Eva Marie sa...

Kanskje eg snart er rede for å skita i eiga reir?