20. januar 2008

Rosa og blått

Det er ein ikkje alt for tidleg morgon på t-banevogn 3 mot Sognsvann. Denne morgonen er det på Skøyenåsen stasjon invasjonen kjem. Når dørene opnar seg, kjem minst hundre (nesten) fem/seks-åringar myldrande inn i vogna. Eg står, og blir ståande midt i den myldrande massen. Nokre ungar held seg fast i meg, eg vinglar, og tenkjer at dei ser utruleg små og søte ut.

Og så ser eg det som gjer meg så utruleg overraska; av alle ungane i vogna er det INGEN som går kledd i noko anna enn rosa og blått! Eg veit jo at dette er fargar som diverre er særs utbreidde i denne aldresgruppa, men det som gjer meg så overraska er at det er så utruleg perfekt gjennomført. Her er det INGEN unntak! Og kvar unge er heilt perfekt styla, ser det ut som. Jentene har rosa lue, rosa vottar, rosa bobledress, rosa sekkar MED små rosa kosedyr hengande fast, rosa støvlar ... Og gutane: motsett oppdressa i blått. Det er rett nok nyansar av rosa og blått. Eg ser både både rosaraudt, raudt og lillaktig raudt. Og både lyseblått, blågrønt og mørkeblått er å sjå. Eg lurar nesten på om dei har kledd seg ut slik med vilje, så merkeleg er det.

Eg merkar at eg blir utruleg irritert når eg står der og ser utover den blå massen på den eine sida og den rosa massen på den andre sida. Ikkje irritert på ungane, men på dei som har dressa dei opp. Eg skjønar det berre ikkje! Eg kjenner fleire oppegåande folk som har sagt at dei ikkje kan tenkja seg å kle opp framtidige ungar i rosa/blått. Og SÅ, når dei har fått ungar, seier dei at dei kler ungane i rosa eller blått FORDI UNGANE LIKAR DET BEST. Men det er jo ikkje farleg å introdusera nye fargar for dei, er det det? Eg lurar verkeleg på kva som skjer på vegen. Er eit noko genetisk som gjer at foreldra skiftar så totalt syn undervegs?

Eg har ikkje ungar, så det er sikkert lett for meg å seia dette. Og sjølv om eg er 110 % medviten om at eg ALDRI skal dressa opp ungar på denne måten, fryktar eg det verste. Kryssar fingrane for eg får ungar med raudt hår, sidan raudt hår og rosa klede er ein særs uheldig kombinasjon.

2 kommentarer:

Anonymous sa...

Altså, det er heilt sant - særleg for jentedelen av ungane - i ein viss alder skal dei berre ha rosa. Og ein blir nok litt påverka når ungane hyler og skal ha det same som dei andre i barnehagen, og blir erta om dei går i "guteklede".

Og går du i butikken og skal handla klede til ungar, så kan eg lova deg at utvalet ikkje er særleg stort om du ynskjer å gå utanom moten.

Til gutar er det ikkje så mykje blått som det du skildrar der, til vanleg. Det er mykje svart, grått, grønt og brunt. Ein veldig fin kombinasjon er forresten lyseblått og brunt - til både gutar og jenter, så det GÅR an å variera litt. Men verre er det at alle guteklede har anten spiderman, daudningehovud eller sjørøvargreier på seg! Det kan til tider vera vanskeleg å finna vanlege, nøytrale gensrar utan edderkoppnett, flammar eller daudningehovud på.

Etter kvart heilt klisjé, og for meg stemmer det i alle fall at klisjékleda kjem lettare i hus enn eg tenkte meg før ungane kom i hus.

Men guten vår, som er yngst, arvar mykje etter søstera, og vil gjerne kopiera henne òg, så han går både i raudt og rosa stadig vekk. Og storesyster er over rosa-alderen no, og byrjar å velja seg andre fargar i staden - heldigvis.

Men den der stæsjinga av ungane, altså, den kan lett ta overhand. Eg skulle ein gong hjelpa svigerinna mi med å kle på tanteungen min før ho skulle i barnehagen. Eg hadde på rosa dress og rosa sherrox (det var det ho hadde), og ei god og varm hue med øyreklaffar og knepping under haka. Den var raud. Då svigerinna mi fekk sjå det, reiv ho hua av ungen, og bytte ho ut med ei syntetisk, tynn hue utan øyreklaffar. Rosa.

Ingvild sa...

Det der har uroa meg ein del. Jenter og gutar er så kjønsnøytralt kledde. Det er så gale at eg har lurt på om eg må lære meg å sy og strikke til eg får ungar sjølv. Så kan eg få alternative hippiungar som blir mobba av dei andre.
Men til mi store glede såg eg sist eg var i småbarnsavdelinga at det faktisk har kome til fleire fargar på kle til små ungar. Ikkje alt er rosa og lyseblått, dei har òg brunt, grønt, orange og mange andre fargar. Då vart eg i godt humør :)
Men om eg får ei jenta som er galen etter rosa får eg trøyste meg med at ho veks det vel av seg...