tag:blogger.com,1999:blog-8188392501029413370.post6351907784883341793..comments2023-05-26T16:47:27.268+02:00Comments on Ragnhild sin stad: Rosa og blåttRagnhildhttp://www.blogger.com/profile/11541881709536817553noreply@blogger.comBlogger2125tag:blogger.com,1999:blog-8188392501029413370.post-35544595408070203832008-02-04T20:27:00.000+01:002008-02-04T20:27:00.000+01:00Det der har uroa meg ein del. Jenter og gutar er s...Det der har uroa meg ein del. Jenter og gutar er så kjønsnøytralt kledde. Det er så gale at eg har lurt på om eg må lære meg å sy og strikke til eg får ungar sjølv. Så kan eg få alternative hippiungar som blir mobba av dei andre.
Men til mi store glede såg eg sist eg var i småbarnsavdelinga at det faktisk har kome til fleire fargar på kle til små ungar. Ikkje alt er rosa og lyseblått, dei har òg brunt, grønt, orange og mange andre fargar. Då vart eg i godt humør :)
Men om eg får ei jenta som er galen etter rosa får eg trøyste meg med at ho veks det vel av seg...Ingvildwww.hufsa.no/ingvildnoreply@blogger.comtag:blogger.com,1999:blog-8188392501029413370.post-21314185594808978452008-01-22T17:39:00.000+01:002008-01-22T17:39:00.000+01:00Altså, det er heilt sant - særleg for jentedelen a...Altså, det er heilt sant - særleg for jentedelen av ungane - i ein viss alder skal dei berre ha rosa. Og ein blir nok litt påverka når ungane hyler og skal ha det same som dei andre i barnehagen, og blir erta om dei går i "guteklede".

Og går du i butikken og skal handla klede til ungar, så kan eg lova deg at utvalet ikkje er særleg stort om du ynskjer å gå utanom moten.

Til gutar er det ikkje så mykje blått som det du skildrar der, til vanleg. Det er mykje svart, grått, grønt og brunt. Ein veldig fin kombinasjon er forresten lyseblått og brunt - til både gutar og jenter, så det GÅR an å variera litt. Men verre er det at alle guteklede har anten spiderman, daudningehovud eller sjørøvargreier på seg! Det kan til tider vera vanskeleg å finna vanlege, nøytrale gensrar utan edderkoppnett, flammar eller daudningehovud på.

Etter kvart heilt klisjé, og for meg stemmer det i alle fall at klisjékleda kjem lettare i hus enn eg tenkte meg før ungane kom i hus.

Men guten vår, som er yngst, arvar mykje etter søstera, og vil gjerne kopiera henne òg, så han går både i raudt og rosa stadig vekk. Og storesyster er over rosa-alderen no, og byrjar å velja seg andre fargar i staden - heldigvis.

Men den der stæsjinga av ungane, altså, den kan lett ta overhand. Eg skulle ein gong hjelpa svigerinna mi med å kle på tanteungen min før ho skulle i barnehagen. Eg hadde på rosa dress og rosa sherrox (det var det ho hadde), og ei god og varm hue med øyreklaffar og knepping under haka. Den var raud. Då svigerinna mi fekk sjå det, reiv ho hua av ungen, og bytte ho ut med ei syntetisk, tynn hue utan øyreklaffar. Rosa.Anonymousnoreply@blogger.com