6. juni 2007

Det fyrste skjørtet


Eg har sydd ferdig mitt fyrste skjørt! Eg trudde det skulle vera SÅ enkelt å sy eit skjørt, men det har rett og slett vore dritvanskeleg. Den enkle delen var å kjøpa lekkert stoff på nettet og å finna eit (tilsynelatande) enkelt mønster. Den vanskelege delen var å bruka mønsterpapirbitane til å laga ein geometrisk figur i tøystoff som eg skulle kunne ta på meg! Eg måtte ta i bruk nye reiskapar, som t.d sømometer, eg måtte ta mål, leggja stoffbitane rett mot kvarandre, klippa opp stoffbitane rett...Syprosjektet minte meg sterkt om å løysa vanskelege mattestykke på barneskulen. Frustrasjonen eg kjende då eg sleit med å sy i glidelåsen, var nett den same eg kjende som då eg kom til den siste oppgåva i matteboka, som var lureoppgåva, der nokon prøvde å setja meg fast. Sidan eg ikkje ville bli lurt og ikkje hadde særleg matematisk sjølvtillit, svarte eg alltid det motsette av det eg eigentleg tenkte var svaret. Og det vart sjølvsagt feil. Så då vart det tramping i golvet og slenging med dører. Eg har sydd i glidelåsen ca 10 gongar og slengt det nesten ferdige skjørtet i golvet ca tusen gongar. Glidelåsen sit, men eg likar han ikkje. Han irriterer meg framleis.

Eg reknar med at det neste skjørtet går lettare og at irritasjonen gradvis minskar. Eg skal sy i det same mønsteret, men med nyinnkjøpt stoff og med notatane mine over kva eg IKKJE skal gjera, attmed meg.

6 kommentarer:

Gustav Indrebø sa...

Du var reint lekker i den stakken...

Ragnhild sa...

Gode "Gustav Indrebø" og andre anonyme menn som legg att kommentarar her: de kan like godt skriva under med fullt namn, først som sist. Det er nemleg mogleg for alle som les bloggen min å sjå IP-adressene dykkar, googla adressene og dimed finna fullt namn, bustadsadresse, stilling og andre interessante opplysningar. Googling må til når ein får kommentarar med dårleg aura. Eg berre nemner det.

Eva Marie sa...

Grattis - endeleg! No kan vi byrja leggja inn bestillingar på stilige klede hos deg, vel?

Ragnhild sa...

Jepp, eg tek i mot bestillingar - men berre på skjørt! Helst i det mønsteret som eg allereie har brukt...og med lang tidsfrist. Har tenkt å ta kjolesykurs i haust, så då kan eg utvida repertoaret litt.

synnøve sa...

Herregud so flink du er. Eg nærer ei djup og inderleg ærefrykt for alle som kan sy sine eigne klede...

Dr. H sa...

Det er godt at nokon endeleg gir falske gustav indrebøar og andre sjarlatanar eit skot for baugen. Vi som faktisk tilhøyrer den ekte Indrebø-slekta har lenge sett oss leie på slik misbruk av slektsnamnet, og vi støttar alle tiltak som kan avgrense svineriet.