20. mai 2007

Noko eg lurar på

For tida brukar eg og gubben fritida vår på å gå på visningar. Vi skal kjøpa kåk for første gong, og ikkje fordi vi VIL (hallo, det er Oslo!), men fordi vi MÅ. Vi har vore og sett på ganske så mange 3-roms og 4-roms-kåkar på Lambertseter, Bøler, Oppsal, Grorud, Holmlia og Romsås.

I dei aller fleste husværa bur seljaren framleis der. Han har berre rydda og vaska og stukke ut ein tur medan visninga går føre seg. Når vi står der og ser rundt oss i kåken prøver vi å finna ut kvar vi skal plassera alle tinga våre. Er det plass til sofaen, kjøkkenbordet, skrivepulten...og bokhyllene? spør vi oss. Sidan kåkane er møblerte, er det ikkje så vanskeleg å sjå føre seg kvar VI kan ha dei tilsvarande møblane våre. MEN det vi stussar over på kvar plass vi har vore på er at det ikkje finst BØKER/BOKHYLLER! Vi spør oss: er det eit salstriks å ikkje ha bøker i ein visningsleilegheit, dvs at seljaren har gøymt vekk alle bøkene? Dette verkar ikkje heilt realistisk når vi underøkjer kåken nærare. Vi ser nemleg inn i alle skåpa og i bodene, og der er det ingen bøker eller bokhyller. Etterkvart har eg blitt utruleg nyfiken på dette, og ser inn i kvar ein minste krik og krok, for å sjå om det gøymer seg ei bok. Det ser ikkje ut til at seljaren har køyrt vekk alle bøkene til visninga byrjar, heller. For det finst jo ingen spor etter bokyller! Når vi hintande seier til meglaren at vi prøver å sjå føre oss kvar bokhyllene våre skal stå, spør han/ho gjerne om vi er glade i å lesa. Njaaa, vi arbeider i forlag, så vi får så mange bøker, seier vi...Men er fem Billy-hyller frå Ikea så mykje, eigentleg? Dette er alle bøkene vi har med oss frå kvar vår kant, og det er ikkje berre bøker, men permar med diverse papir og ting vi samlar på (unødvendige ting), fotoalbum...og vi (i alle fall eg) er flinke til å kvitta oss med bøker vi ikkje gidd å lesa.

Viss det er slik at bøkene er fjerna med vilje: kvifor er dei det? Viss det blir fleire visningar, og eg enno ikkje har funne ut kva dette er eit teikn på, skal eg spørja meglaren om kvar det har blitt av alle bøkene.

PS Det hender det står nokre peikebøker og barnebiblar i dei husværa der det er eit barnerom, men det er INGEN SPOR av bøker for vaksne.

10 kommentarer:

Eva Marie sa...

Eg tykkjer ikkje at 5 Billy-hyller er mykje, men det er ikkje plass til fleire i min nye kåk.

Men kan de ikkje flytta til Groruddalen då? Så kan vi vera the new norwegian girls i dalen?? :)

Ragnhild sa...

Groruddalen er vakkert! Nett no er vi superstressa for å ikkje finna kåk i tide, så det er mogleg vi slår til på noko som eigentleg er litt for dyrt...

Anonymous sa...

Det er bare forlagsfolk som lar seg sjokkere av at folk ikke leser. Helt vanlig det!

rypa sa...

Det er berre å slå opp i eit kva som helst slags interiørblad, så får du stadfest at bøker (og difor bokhyller) er utrendy. For mange fargar, byggjer for mykje, for lite rettlina, for maksimalistisk.

Sjokket her i garden kjem difor fyrst og fremst av at de skal kjøpe dykk kåk i Oslo??? Kafan? Kva med draumen om fjord- (og fjell- og bre-)fylket? Eg vil ha deg som kollega!

Ragnhild sa...

Til anonym: i kommentaren din impliserer du at eg har konstatert at folk ikkje les og at eg er sjokkert over det. Det har eg aldri gjort. Og kva byggjer du påstanden din om forlagsfolk på? Og kva ER "forlagsfolk"?

Rypa: eg har no fått høyra at viss ein har bøker i ein visningsleiligheit, bør ein sortera bøkene etter FARGE på bokryggen, for å skapa eit meir ryddig inntrykk. Eit godt tips når vi skal selja kåk:-)

Ja, vi VIL jo ikkje kjøpa kåk her, MEN vi MÅ ut av den staden vi leiger no innan 20. juni (inga bøn), og iom at det er umogleg å finna rimelege, gode leigeobjekt her i byen (12.000-13.000 kr pr mnd for ein 3-roms!), må vi rett og slett kjøpa. Og det kan vera lurt: planen er å selja kåken i Oslo med stor forteneste (om tidlegast eit år), og så kjøpa hus med hage ved havet (i vest, ja) for ein slikk og ingenting. Draumen om Vestlandet skal verta ein realitet om ikkje alt for lenge!

Lillelord sa...

Bøker på Lambertseter, Bøler, Oppsal, Grorud, Holmlia og Romsås? Hahahaha!

Ragnhild sa...

Lillelord; kommentaren din osar av intellekt, så eg reknar med at du ikkje har vakse opp verken på Lambertseter, Bøler, Oppsal, Grorud, Holmlia eller Romsås. Men du held jo til ved UiO, då, så det er kanskje ein samanheng der.

rypa sa...

Havet? Det høyrest ikkje ut som indre Sogn.

Ragnhild sa...

Okei, SJØEN, da. I tydinga vått element. Det finst i indre Sogn.

Strida sa...

All our final decisions are made in a state of mind that is not going to last - - - apropo huskjøp i hast - fy og fy!!

i kåken min var det PYNTA med bøker på visning faktisk;-) det var ingen som budde der, alle ting kom frå eit firma som er ekspertar på at interiøret skal hjelpe deg i å plassere dine eigne ting.

Eg tenkte at her kan bokhylla mi få plass, og kjøpte kåken. Eg har såklart plassert bokhylla mi på same staden. Først bøker og boksar hulter til bulter, men så las eg i eit interiørmagasin om kor viktig det er å gje bøkene dine plass - pynte med andre saker enn berre bøker i bokhylla, så no står småformat skjønnlitteratur på dei to øvste hyllene, så ei rekke med organiserte boksar og papirhaldarar, og så nedst alle praktbøkene om Vestlandet. Og det er ganske mange;-) Vestlandet, det var det eg ville fram til - Vestlandet og ikkje Oslo!!

(ikkje så viktig at det dryp frå taket om berre bokhylla er tørr, men kan vere greitt å sjekke slikt på visning også;-)