3. mai 2006

Punktum!

Kvitre, kvitre! I dag sendte eg Oppgåva til trykking!!! Mange netter med skriving er over. Ingen fleire kjipe helger! Aldri meir dårleg samvit fordi eg ikkje skriv. No startar livet! Dette står på planen i mitt nye liv:

1. Kjøpa symaskin
2. Gå på sykurs på Folkeuniversitetet (beste studiet eg kan førestilla meg!)
3. Kjøpa lekkert ty på Åhlens til å sy lekre kjolar med
4. Byrja å sy lekre kjolar i 50-talssnitt
5. Kjøpa meg tøffe, sporty vårsko
6. Kjøpa Electrolux kjøkkenassistent til å baka lekre glutenfrie brød med
7. Kjøpa spisebord, eller kva det no heiter på nynorsk
8. Kjøpa møblement til verandaen (bord, stolar)
9. Byrja opphalda meg på verandaen, helst når det er sol
10. Fylla opp verandakasse nr. 2 med fine blomar
11. BYRJA PÅ AEROBIC ATT!!!
12. Ta kontakt med gamle vener som eg ikkje har sett på lenge
13. Planlegga sumarferien
14. Byrja å konsumera alkohol att
15. Byrja ute-tennissesongen, kanskje i ny tennisklubb
16. Kjøpa tennis outfit
17. Skriva eit (litt) forseinka julebrev

Meir kjem!:-)
......................................

Nokre timar seinare, etter at eg har byrja fylla livet mitt med tanketomme, men artige ting:

Det er tid for gissetevling! Sjangeren er historie.














Kva årstal er dette fotografiet frå?
Kven av dei er pappa?
I kva høve vart fotografiet teke?

Det vert premie til den som gissar nærast. Kva premien er, er avhengig av kven du er.

17 kommentarer:

Ingvild sa...

Til lukke! Hipp hurra! Dette fortener minst ein skål!

jarle sa...

Grattis og lykke til med alt, spesielt tennisen! Se http://tennisozzy.blogspot.com/ for veldig bra blogging om tennis på norsk.

Arild sa...

Hjarteleg til lukka!

Og til punkt 7: På "målet hennar mor" heiter det "matbord", eventuelt
"kjøkenbord".

Ragnhild sa...

Takkar:-) Ja, eg skal skåla i morgon, tenkte eg.

Spisebord kan jo ikkje heita kjøkenbord når det skal stå på stova!? Kanskje "stovebord"?

Eigentleg har eg lyst til å framleis spela tennis på Berg...Det er nok mykje mindre jålete der enn på Nordstrand.

Astrid sa...

Gratulerer saa mykje. dette var gledelege nyhende. Du faar ha det straalande fint frametter. Sjölv skal eg skriva oppgaave.

Strida sa...

Eg trur far din er han minste med nesten same lugg som deg litt tidlegare på denne sida, berre at ein ser ikkje her at håret han er litt - LITT - raudt;-)

Ergo er det tatt nokre år etter han vart fødd...kanskje 1933, utan forsøk på å fornærme nokon;-)

Men koffor biletet vart tatt... Trur det var oldefar hans sin 80årsdag. Yep.

Til slutt; tenk! oppgåva di er ferdig! FERDIG!!! Gratulerer!!!

Hege Lothe sa...

Jepp, så super-dupert. Då kan vi avslutte alle veddemål...
Eg er sikker på at det nye livet med tanketome aktivitetar vert veldig bra. Og at du vil passe i kvar ein kjole med 50-tallssnitt. (trur eigentleg at du passar i all slags kjolar, men kanskje spesielt 50-talskjolar?) Nyt sola.

Ragnhild sa...

Nei, pappa er ikkje han med luggen (det er onkelen min Inge). Tips: pappa er eldre enn Inge. Og dimed: biletet er teke seinare enn 1933. Vi må over på neste tiår. Og grunnen til at biletet vart teke har med pappa å gjera. Men det er rett at han eldste på biletet er oldefar min. No er det nok hint. Fleire framlegg, takk!

Hege: takk for helsing. Eg tur eg likar 50 (og 60-)talskjolar best fordi mamma hadde så fine kjolar på bileta frå den tida.

Ragnhild Bjorge sa...

Grattis med innleveringa! No kan du koma på vitjing til Volda :)

Forresten, kan du ikkje fortelja meg korleis eg får lagt ut flickr-album på bloggen min?

Strida sa...

1942
lengst til høgre
konfirmasjon

Magnus sa...

Hei Ragnhild, og gratulerer med innlevert oppgåve. Du spurde om kva eg ynskte meg til bursdagen min, og eit eks av oppgåva hadde passa fint - om den er prenta då. Eg kjenner ikkje heilt gangen i det der. Elles har eg skrive litt om gåveynske her:
http://magnus.blogspot.com/2006/05/bursdag-eg-har-snart-bursdag-og-har.html

Ragnhild sa...

Ragnhild: eg hugsar ikkje korleis eg fiksa dette med flickr. Eg sat berre og eksperimenterte, som vanleg, og vips! - hadde eg bilete ute på sida mi.

strida: konfirmasjon er rett! Du er eitt årstal unna! men pappa er ikkje komen heilt på rett plass enno...

Magnus: oppgåva mi kostar 1000 kr. (Ja, ho er trykt). Takk for gåveynske.

Magnus sa...

Aha. Eg er ikkje heilt inne i det akademiske, forstår eg. Men ei utskrift av konklusjonen, då?

Arild sa...

1000 kr??? Ein null for mykje der, reknar eg med. Elder er det medrekna timeløn for skrivingi?

Strida sa...

Eg har faktisk ikkje tenkt på premie i det heile, berre igeren etter å få noko til ;-) så trur eg far din er han med hatt rett bak oldefar din, og so går eg ned til 1941 når da gjeld årstal. eg trur dette vert det siste eg tippar...

berre ein liten kommentar til det med timeløn for skriving, om den skal vere reell blir vel dei fleste nullane bak komma tenkjer eg, dessverre -

Ragnhild sa...

Ok, her kjem svara på gissetevlinga:
- pappa er han yngste med hatt
- årstalet er 1941 (han var då 14 år)
- og det er i høve pappa sin konfirmasjon biletet vart teke

Full pott til strida! Premien er at du må koma til Oslo, slik at du kan få servert heimelaga smoothie (med appelsinjuice, frosne blåbær, bannan, fruktose og isbitar)

Strida sa...

Jippi!!
Eg kjem neste helg!

..dvs då skal eg innfri eit gåvekort bror min fekk i fjor, 1stk båtpuss, er litt usikker på om ein kan smette ein smoothie inn i dette, men om ikkje er planen å innta storbyen også seinare på sommaren;-)