Kvifor eg føretrekkjer bypåske:
- eg slepp episodar som dei til høgre
- det er nesten ingen folk i gatene og dimed større plass til meg
- eg kjenner meg motstraums
- eg slepp innbrot pga at det er nokon til å passa huset
- tv er tilgjengeleg, slik at det er mogleg å få med seg påskekrimmen
Elles vil eg tilrå følgjande påskelektyre, same kvar ein er:
- Tyl av Halvor Folgerø og Finn Tokvam (god humor, lettlest)
- Ein motig maur av Tarjei Vesaas og Steffen Kverneland (PS: denne boka er IKKJE for småbarn, sjølv om ho handlar om maur. Dette er rå og hard vald, formidla ved hjelp av sterke verkemiddel både i tekst og illustrasjonar. Eg heldt på å setja frukosten i vrangstrupen. Heilt fantastisk bok!)
- Nasen som stakk av av Gianni Rodari (eg har ikkje lese boka enno, men eg likar konseptet. Litt brutalitet inne i biletet her òg)
6 kommentarer:
Eg er òg heime i påska. Ulsteinvik er jo by, so slik sett har eg òg bypåske. Men her er det ikkje betre plass, trur det er fleire her enn til vanleg.
Metrologane varslar regn på Sunnmøre.
Men fjernsynet mitt med påskekrim får eg ha i fred :) Og radioen med påskelabyrint.
God påske!
Det er ikkje så greit når sitteunderlaget ligg att heime og bananar gjøymer seg innimellom klede i sekken. Men eg likar blaut banan da, helst veldig brune bananar. Påske på fjellet er best.
Det er dig at det regnar når det er påske, for då forsvinn snøen utruleg fort! Eg vil ha sumar og sol! Påskelabyrint på radioen har eg ikkje tolmod til å høyra på. Det tek jo så utruleg lang tid før ein kjem fram til svaret!
Sigmund: så du brukte sekken som sitjeunderlag? Med bannanen som polstring? Hahaha. Brune bannanar er ikkje særleg godt. Det er lov å skriva bannan med to n-ar, for då får Finn Erik Vinje høgt blodtrykk, og det likar vi. MEN det er ikkje lov å skriva GJØYME! Reknar med at det ikkje var medvite.
Ikkje det at eg på noko som helst vis freistar argumentera for skipåske i fjellet (påsken er meir ei tid for innandørs ekstremmetallfestivalar i myrke lokale), men det er no faktisk mogleg å hava bananulukkor i storbyen òg. Nistebanan på fyrelesing er til dømes eit hasardspel for den stakkars pensumlitteraturen som deler sekk med bananen.
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Fjellpåske med utedo, men utan brune bananar, er da beste; eg skjønar ikkje heilt kva bananar gjer i sekken, når ein har appelsin?
Vil elles minne om siste nytt frå blogspot: strida prøver seg i bloggverda, strida i sola litt tynn enno, står fullt og heilt inne for Tyl, og vil gjerne lese mauren. Mykje motig maur der eg bur no..
Legg inn en kommentar