25. januar 2014

Eg forstår kor mykje det betyr å vera frisk

For fleire år sidan kjende eg ein som fekk ein alvorleg sjukdom. Det var ein sjeldan og heilt forferdeleg sjukdom. Eg sende eit brev til han fordi eg ønskte å gje han nokre oppmuntrande ord. Tilbake fekk eg eit kort (ja, dette var leeenge før Facebook, sms og co.). Det var ikkje så mykje som stod der, og skrifta synte at han hadde streva med å forma bokstavane, men det eg hugsar aller best, var desse orda: Eg forstår kor mykje det betyr å vera frisk. Han døydde kort tid etter det.

Eg kom til å tenkja på denne guten, som døydde så alt for ung, då Anbjørg Sætre Håtun døydde av kreft denne veka. Sjølv om eg ikkje kjende henne, kjendest det nesten slik ut likevel. Det siste året har eg nemleg følgt henne på Instagram der ho har delt bilete og kloke, positive, hjarteskjerande, morosame, triste og ikkje minst kjærleiksfylte ord. Sjølv om ho visste at ho hadde ein alvorleg kreftsjukdom, og sjølv om ho gjekk gjennom tøffe behandlingar, greidde ho å skapa gode opplevingar for seg sjølv og andre heilt til det siste. Som ho sjølv uttrykte det: For god helse handler ikke nødvendigvis om et liv uten sykdom. God helse handler først og fremst om hvordan man mestrer livet når man møter motgang.

Det er vanskeleg å forstå kor mykje det betyr å vera frisk så lenge ein er frisk.
Og det er vanskeleg å sjå føre seg korleis ein skal kunne meistra livet dersom ein møter motgang i form av ein alvorleg diagnose. Likevel er det fint og viktig at det finst folk som kan rykkja ein ut av kvardagen og få ein til å tenkja slike tankar.



2 kommentarer:

Ting som gjør en glad sa...

Fine ord!
Jeg fulgte også Anbjørg på instagram og synes hun var magisk og utrolig inspirerende.
Det er vondt å tenke på at hun er borte. Jeg skulle legge datteren min men fikk kjapt med meg på Dagsrevyen at hun hadde gått bort. Tårene begynte å renne med en gang og jeg gjorde meg noen tanker mens jeg satt med Iben og sang godnatta-sanger. Man vet aldri hvordan livet svinger og det er så viktig å leve godt og med glede for de rundt seg. I skikkelig Anbjørg-ånd <3

Ragnhild sa...

Å, eg kjenner meg att i det du skriv her <3 Heldigvis lever orda hennar vidare!