31. januar 2012

Eg har sydd mitt første møbel!

80-talet er tilbake i heimen! Men eg vil påstå at dette møbelet er finare enn det tilsvarande eg hadde på 80-talet. I alle fall reint fargemessig. Stoffet kjøpte eg på nettet for fleire år sidan. Eg har det i gul-/lime-prikkete utforming også. Til fôret brukte eg lerretstoff eg kjøpte på sal for mange år sidan. Det var veldig godt å bruka opp stoff frå det store lageret mitt!

Ja, det er ein saccosekk! Eller sekkestol, om ein vil. Eg sydde storleik junior, for møbelet var til veslingen vi skimtar oppi der. 

Saccosekken eg hadde på 80-talet, hadde eit ytterlag av svart skaistoff, og det var umogleg å få det reint kvar gong ein eller annan kattunge hadde tissa i han. Usj! Væske vil jo nå inn til isoporkulene uansett, men det er i alle fall mogleg å ta av og vaska det ytste trekket på denne sekken.

Eg kjøpte mønsteret på Stoff og stil, og må seia at eg ikkje vart begeistra for det. Eg har ikkje brukt mønster frå Stoff og stil før sjølv om eg har fleire liggjande i kø. Syoppskrifta var utforma så stikkordsmessig og ufullstendig at eg måtte lesa henne mange gonger for å vera sikker på at eg hadde forstått alt. Ikkje var det gode illustrasjonar til, heller. Det var snakk om seks stoffdelar som skulle syast saman x 2 + ein glidelås som skulle syast i, så det var ikkje snakk om avansert søm. Kor vanskeleg er det mogleg å gjera det? Eg har null tolmod når det gjeld slikt! Eg har lese og brukt oppskrifter på langt meir avanserte syprosjekt enn dette, der eg forstår kvart eitt ord, så det er jo mogleg å få til. (Eg ser no at dei andre oppskriftene eg har frå Stoff og stil, er utforma på den same ordknappe måten. Kjem nok ikkje til å kasta meg over desse prosjekta på ei stund!)

Uansett. Eg er glad for at eg kunne testa ut oppskrifta på fôret, for det er jo ikkje så nøye om det ikkje blir fint. Eg brukte usynleg glidelås, for eg tykkjer det blir finast. Glidelåsen er sydd fast i botnen. 
Eg kjøpte mange fleire gram med isoporkuler enn det stod i oppskrifta, så sekken blei kanskje vel full av kuler. Men eg meiner å hugsa at 80-talssekken blei ganske så slapp i fisken etter ei stund, så eg trur ikkje det gjer noko. Dessutan er det bra med polstring når eigaren sjølv både vil hoppa, liggja og sitja i han. Så eg trur eg kan seia meg nøgd med resultatet, trass i ein del irritasjon undervegs.

29. januar 2012

Heldige biverknader av å skriva nynorsk #2

For nokre år sidan starta eg ei spalte her på bloggen som eg kalla Heldige biverknader av å skriva nynorsk. Eg byrja spalta med å skriva om at nynorsk er det beste sjekketrikset. Tida er mogen for å skriva det andre blogginnlegget i serien.

Eg blir så utruleg lei av sutring og klaging når det gjeld nynorsk. Den siste veka har det vore ein del sutring, og sjølv om det har ført noko godt med seg, nemleg fleire medlemer til Noregs Mållag, er det viktig at alle vi som har levd i fleire tiår med å skriva nynorsk, får fram alle dei heldigve biverknadene av å skriva nynorsk! Tru meg, det å skriva nynorsk er berre bra! Ein er aldri usynleg. På den positive måten!

Til saka: Eg har stort sett hatt jobbar der det å kunna både bokmål og nynorsk har vore avgjerande for om ein fekk jobben eller ikkje. Og det er jo veldig kjekt, i og med at eg kan skriva både bokmål og nynorsk. Men det er ikkje slike jobbar det skal handla om. Det skal handla om jobbar ein søkjer på der det ikkje blir stilt like strenge krav om språkkunnskapar.

For mange år sidan, medan eg var student, søkte eg på sommarjobbar i helsevesenet. Og eg skreiv sjølvsagt jobbsøknadene på nynorsk (dette var i bokmålsland). Det var særs mange som søkte, så konkurransen var stor, og mange av dei som søkte, hadde dei same jobberfaringane som meg. På den eine plassen eg var på intervju, forstod eg eg hadde ein konkurransefordel som eg ikkje hadde tenkt på før. Eg oppdaga den heldige biverknaden av å skriva nynorsk i jobbsøknader. På denne arbeidsplassen sa sjefen under intervjuet at dei hadde fått inn mange søknader, men at dei la merke til søknaden min fordi eg skreiv på nynorsk! Ho la mykje betre merke til kva eg skreiv, sa ho. Eg hugsar at eg sat på intervjuet og fekk inntrykk av at ho knytte så mange positive assosiasjonar til det å skriva nynorsk at ho blei positivt innstilt til meg. Og det er jo eit godt utgangspunkt for eit intervju! Ein har meir å gå på då. Og eg fekk ein fantastisk sommarjobb.

Eg kan ikkje garantera at det er 100 prosent sikkert at ein får jobbtilbod fordi ein skriv nynorsk, men eg kan garantera at det aldri trekkjer ned. Skriv du bokmål, minskar du i alle fall sjansen for å bli lagt merke til. Med andre ord:

22. januar 2012

Juksevinter

Ja, det ser vakkert og vinterleg ut, men mykje av snøen er faktisk falsk, laga av snøkanoner. Eg stod rett ved ei snøkanon då eg tok dette biletet, og det er pga. juksesnøen som virvla rundt i lufta at det ser så disig ut. Men guten er ekte!

12. januar 2012

Hei, 28. mai 1987!

Pakkeliste for éi overnatting i telt i hagen:
  • ei skoøskje med diverse gjenstandar ein kan få bruk for
  • teikneblokk
  • minst tre tjukke Donald-bøker
  • diverse leiker
  • vekkjarklokke
  • endå fleire bøker
  • penner, tusjar og anna teikneutstyr
  • jojo
  • Rubiks kube (obligatorisk) 
(Jupp, i 2012 ville vi nok ha greidd oss med berre to berbare pc-ar.)

Vi hadde budd oss godt! Berre så synd at det blei så rått og vått og kaldt (slik er det med tøytelt utan botn ...) at ein luska inn i eiga seng etter nokre få timar. Ikkje ein gong ein berbar pc kunne ha hjelpt då.

4. januar 2012

Varme pulsvarmarar

Eg fekk strikka nokre julegåver i år også, men som vanleg gløymde eg å ta bilete av alle. Desse strikka eg to par av:

Dette er supervarme pulsvarmarar, strikka i Eskimogarn. Veldig enkle og raske å strikka!

I oppskrifta var det eigentleg oppskrift på å strikka tomlar, men eg tykte det blei like fint og praktisk utan i og med at garnet er så tjukt og varmt i utgangspunktet.  Eg likte godt at midtstykket var rettstrikk, for då sat pulsvarmarane ekstra tett og fint på handa.


Testing. Funka! Oppskrifta fann eg hos Drops garnstudio (her finst det mange oppskrifter på fine pulsvarmarar!).

Godt nytt strikkeår til alle strikkeglade der ute! Og godt nytt år til alle dykk andre også!

31. desember 2011

Godt nytt år!

Det er 28 minutt att av 2011, og frå sofaen heime hos mamma og pappa ønskjer eg alle dei fine lesarane mine alt godt for det nye året!

22. desember 2011

Innpakningstips!

I fjor byrja eg ein ny trend med å pakka inn julegåver i glossy magasin-sider. Aldri meir skal eg kjøpa vanlege innpakningspapir-rullar! Men i alle fall, i år fekk eg endå ein lur idé. Eg har nemleg dette garnet liggjande, som er skikkeleg fluffy og litt rart raudt:
Limtuben set det heile i perspektiv: Nøstet er stort. Og eg har berre brukt det éin gong, nemleg då eg skulle hekla 17. maiblome tidlegare i år. Men kva er det perfekt å bruka garnet til? Jau, dette:

Som band rundt gåver! Og det blir finare jo fleire rundar ein tek. Det hadde ikkje blitt den same effekten med garn som ikkje er fluffy. Så no har eg både innpakningspapir og band til særs mange gåver. Særs godt nøgd!

3. desember 2011

Klassisk trøyst tidleg i desember

Det ular og bles. Regnet piskar mot ruta. Det er mørkt sjølv om det er midt på dagen. Men det var sommar ein gong.
Og det blir sommar igjen!

22. november 2011

Gårsdagens "høgdepunkt"

Hermeteiknmonsteret har slege til! Åstad: Aker sykehus. At det står kjosken på lappen over, oppdaga eg først etterpå. Eg må innrømma at det var hermeteikna som fekk mi fulle merksemd medan eg stod der.

21. november 2011

Ein hyllest til poteten

Nei, det er ikkje eg som hyllar poteten. Denne boka, derimot! Potetboka, med undertittelen Smakebitar av historia til verdas viktigaste knoll (Samlaget, 1993), hyllar poteten på grensa til det reaksjonære. Det er heilt fantastisk. Lat oss sjå.


(Eit lite frampeik: Legg merke til kva ungen heilt fremst går og ber på ...)

Eg hugsar ikkje heilt korleis boka kom i hus. Det er mogleg eg kjøpte henne på sal for mange år sidan.  Det er ei bok for barn, så teksten er sjølvsagt deretter. Det er sikkert difor det er så mange samansette ord med bindestrek, også. Det var visst trend ein gong i tida. (Her finn vi bindestrek i ord som "potet-slag", potet-presten", "Andes-fjella", "potet-plante"og "Landbruks-høgskulen på Ås".) Uansett, det er fine illustrasjonar, fine historier og mykje nyttig faktakunnskap om ulike potetsortar.  

Men eg merka eg blei ein smule skeptisk då Knut deklarerte høgt frå avsnittet som handla om potetgull. Først, illustrasjonen:

Her ser vi mor, far, barn og potetgullskåla samla framfor tv-en. Mor ser litt hypnotisert ut, og far har kanskje nokre kilo ekstra. Barnet har blikket festa på potetgullskåla. Så her forventar vi jo ein faktatekst om at potetgull ikkje er så veldig sunt. Men neida! I ei potetbok, som hyllar poteten frå a til å, kan ein sjølvsagt ikkje skriva det! Lat oss koma til høgdepunktet i boka, nemleg teksten under biletet:

Ganske fantastisk!!! Eg veit ikkje kven desse engelske forskarane er, og eg tvilar på at dette var vanlege helseråd ein gav i 1993. Eg måtte sjølvsagt googla forfattaren Olav Norheim, og kva fann eg ut? Jau: Han (og illustratøren) fekk Kulturdepartementets fagbokpris for denne boka (eg skal ikkje hetsa dei for det, boka er jo fin). Dessutan har han vore med og skrive manus til Smørbukk. Her er Smørbukk: 
Og då er det nærliggjande å spørja: Kva har Smørbukk, eit barn i vekst, mest godt av å eta? Eple eller potetgull? Eller kanskje smør? Ja, ikkje veit eg. Det er lett å bli forvirra, anten ein les kosthaldsråd i 1993 eller i dag.

20. november 2011

Fiksetips

Nøstebloggen er ein utruleg fin blogg! Det er altså bloggen til Nøstebarn, og her er det mykje inspirasjon å finna! Eg likar særleg innlegga med praktiske tips om korleis ein kan reparera og gjenbruka ullplagg. Det er jo ikkje så kjekt å ha ein bunke med øydlagde ullplagg liggjande. Det er faktisk skikkeleg umotiverande å vita at ein må fiksa eit plagg. Ofte er det fordi ein ikkje heilt veit korleis ein skal fiksa det på ein bra måte.

Tryggve fekk for ikkje lenge sidan ei kjempefin ull/silke-trusetrøye (= body), men etter kort tid oppdaga eg eit stygt hòl rett ved det eine ermet. Eg anar ikkje korleis det har blitt til, det er mogleg det er guten sjølv som har klipt, faktisk. Uansett, på Nøstebloggen fann eg mange fine tips. Det endte opp med at eg hekla ein blome (sjølv om det ser ut som eit speilegg), skylte han i rennande, heitt vatn for å tova han litt og deretter sydde eg han fast over hòlet. Eg sydde ikkje fast dei kvite blomeblada, så får vi sjå om dei held seg fine. Eg har ingen før-bilete, men her er etter-bilete, i alle fall:



Lenkje til ullvøl-tipsa.