5. mai 2011

Tøysete tøysetopp

Eg har strikka tøysetopp frå Pickles. Brukte bomullsgarn derifrå også. Her er toppen rett før eg festa den siste tråden:
Strikka i storleik 2 år til poden på snart ti månader (brukte mindre pinnar enn i oppskrifta). Men eg får ikkje toppen over hovudet hans ... og armopningane ser litt små ut også. Det er mogleg eg felte litt stramt, rett og slett. Eg likar eigentleg rundfelling, men her tykte eg fellingane blei veldig synlege. Laga liksom hakk i mønsteret. Kanskje pga. at bomullsgarn er litt stivare enn ull? Eg likar nok best å strikka i ull, ja. Æsj. Så dette blei ein tøysete tøysetopp, rett og slett. Men eg trur han kan passa fint til ein annan unge, altså. Han passa berre ikkje til min unge.
Noko positivt til slutt: Eg likte godt rillene. Dei gav ein fin effekt. Og fargane blei også fine. Men eg går nok tilbake til ullgarn no ja, sjølv om det er sommar snart.

4. mai 2011

Smekke

Då har eg sydd mine første smekker til to nye verdsborgarar. Superenkelt! Eg brukte ei anna smekke som mønster, klipte ut i mjuk voksduk (dvs. det er ein slags bomullsduk med voksaktig belegg) frå Kremmerhuset (kan vaskast på 40 grader i maskin) og sydde på skråband. Vips!
Eg tenkte eg skulle vera litt fancy, så eg sydde med lilla tråd på kvitt skråband. Ikkje lurt dersom ein er ei utolmodig syerske, for det er fort gjort å sy litt stygt i svingane, og det blir supersynleg. Så eg måtte rekka opp litt her og der, og det blei litt krøll.
Men alt i alt var det veldig enkelt, og ikkje minst var det kjekt at det gjekk så fort å sy. Eg sydde ei smokkesnor også, men ho gløymde eg å ta bilete av. Eg får sy fleire smokkesnorer og hugsa å ta bilete. Og eg må nok gje dei bort, for poden her i huset er ikkje så interessert i smokk lenger.

3. mai 2011

Det er ikkje eitt feitt

Eg elskar kaffi. Men det var ikkje før eg var i USA i 2007 at eg oppdaga at eg i årevis hadde drukke gamal kaffi. Då fekk eg nemleg smaka FERSK kaffi, dvs. kaffi som var laga av ferskbrende bønner. Kaffien både luktar, smakar og ser heilt annleis ut enn gamal kaffi. Kaffi er ferskvare, noko vi nordmenn ikkje er så vande med å tenkja.

Heldigvis er det mogleg å kjøpa fersk kaffi i Noreg etter kvart, men ein kan også kjøpa over nettet. Her ser vi yndlingskaffien min:

Det er French roast frå Peet´s coffee and tea (kjøpt i USA). Kaffien er mørkbrend, og mørkbrend kaffi har ei oljete overflate fordi feittet tyt ut når han blir brend. Ein blir skikkeleg feittete på fingrane av å ta på bønnene. Det er synd biletet ikkje kan formidla lukt, for bønnene luktar utruleg intenst.

Bønnene sette spor, som vi ser, etter at eg tømde dei ut av koppen:


Slurp!

2. mai 2011

Tips til garnoppbevaring?

Til no har eg oppbevart garnet mitt i korger rundt omkring i kåken, men det har blitt litt vanskeleg etter kvart:
Dette biletet blei teke i mars, og ein månad seinare er det blitt heilt vilt, for no kan guten både krabba og stå, så ikkje noko får vera i fred, verken av garn eller andre saker og ting han kan riva ut. Så: Er det nokon som har tips til barnevennleg garnoppbevaring? Finst det geniale korger med lokk eg kan få tak i, eller er det reolar/hyller som er den beste løysinga? Eg tek i mot alle slags tips og triks!

1. mai 2011

Pledd på pledd

Etter at vi fekk baby i hus, er dette noko vi har brukt dagleg:
Nemleg ullpledd! Det kvite pleddet blei strikka av ei venninne, og det er strikka i babyull, trur eg. Dette pleddet brukar vi ofte å leggja på madrassen i senga til poden, og så ligg han oppå. Det gråblåe pleddet har svigerinna mi hekla, og det er eit veldig varmt, men samtidig luftig pledd. Det brukar han som dyne i senga, og det held seg fint på plass fordi det er såpass tungt. Han har aldri brukt vanleg dyne. Det lyseblå pleddet er strikka av søskenbarnet mitt, i mønsteret med det talande namnet sjøsprøyt, og det brukar vi i vogna no når ullposen har blitt lagt vekk, saman med det lysegrøne pleddet (som er strikka av far i huset).

Vel, slik blir pledda brukte no for tida, men dei har hatt ulike bruksområde opp gjennom. Dei har blitt brukte vekselsvis inne og ute, i senga, i bilen, som ekstra polstring i vogna på kalde vinterdagar, som sitjeunderlag, som leike (kvar er mamma? titt-tei! ...), som varmekjelde for meg på kalde trilleturar .... Bruksområda er uendelege! Så ullpledd er rett og slett blitt ein suksess, og det beste av alt: Dei blir aldri for små, slik som klede blir. Desse kjem vi til å bruka lenge. Likevel drøymer eg om å strikka eller hekla endå eit pledd, og til det har eg ein vag idé om å bruka restegarn. Tida vil visa!

17. april 2011

Påskegult sjal

Litt tilfeldig at påska er her akkurat i det eg er ferdig med dette prosjektet, men. I går festa eg dei siste trådane, og i dag var det heldigvis sur nok vind til at eg kunne testa det ut for første gong, nemleg det nystrikka sjalet mitt. Oppskrifta er superenkel og er frå fine Pickles her. Det er strikka med dobbelt garn, der det eine garnet er fluffy silk mohair, og det andre mjuk merinoull. Du kan sjå nysta separat her. Eg diggar konsistensen som oppstår når ein blandar to slike garntypar. Det blir så godt og mjukt og varmt kring øyro. (Og ja, det blei litt heitt å ha på sjalet i dag.)
Her er eg i vinden på Ekebergsletta i dag og ser stolt ned på den fagre sonen min som elska det nye sjalet like mykje som meg. Han ville helst eta på det, då.

Blei truleg første og siste gongen eg brukte det denne vintersesongen. Men eg kan i alle fall gå ein ny vinter blidt i møte når eg kan pakka meg inn i dette fine gule!

11. april 2011

Lakrisis!

Det har vore litt lite liv her inne i det siste. Har rett og slett ikkje hatt ork til å blogga. Men då eg var på butikken i dag og såg lakrisis (!) i isdisken, fekk eg bloggelyst. Eg fekk rett og slett hjartebank då eg såg boksen:
Wowowow! Boksen blei med meg heim, og eg fekk litt hakeslepp då eg opna han:
Svart is! Haha! Og han smakte heilt fantastisk. Ganske søt, men samtidig salt. Heilt perfekt! Det blir farleg å ha denne i frysaren ...

20. mars 2011

Nytt garn i hus

Ja, eg har vel eigentleg ikkje mangel på garn, men då Pickles annonserte at dei hadde open dag på lageret sitt i dag, måtte eg jo berre ta meg ein tur ... Eg var flink som ikkje kjøpte opp ca. heile lageret. Dei har sååååå mykje fint garn! I fargar som er til å eta opp. Trikset for å ikkje kjøpa uante mengder garn, er å kjøpa garn med ein plan. Og det gjorde eg. Dvs. nesten. Sjå berre her:
Eg elskar sennepsgult, og med dette garnet skal eg strikka dette sjalet. For ein gongs skuld til meg sjølv.

Dette er økologisk bomullsgarn, og det skal eg bruka til å strikka denne fine toppen til poden.

Oj, desse fargane liknar jo på garnfargane over. Det la eg ikkje merke til før no. Og oj igjen, for eg har visst ingen plan for dette garnet enno. Uansett, det var i alle fall på sal, og eg har tenkt å bruka det saman med det same garnet i andre fargar som eg har liggjande. Det er heilt utruleg at dette er ull, for det er så mjukt og godt!
Desse to nysta kjøpte eg for 10 kr per stk frå restekorga, og eg anar ikkje kva garn det er, bortsett frå at det til venstre kjennest ut som ull (ingen plan for dette ...), og det til høgre definitivt er bomull (kan passa til å strikka kjøkkenklutar med.)

Ok, det forpliktar litt å blogga om garnfunna og strikkeplanane mine, så her er det berre å setja i gang!

Oppdatering:
For de av dykk som ikkje kunne vera på lagersalet i dag: Det er mogleg å kjøpa garn på tilbod på nettet også:
 
Og gjett kven sin rygg vi ser på biletet over da? Hehe ...

19. mars 2011

Ein 80-talsfavoritt!


Eg hugsar då mamma introduserte ostesmørbrød (dvs. rundstykke) med ananas som laurdagskos ein gong på 80-talet. Det var jo berre SÅ godt, og sidan den gongen har eg ete det ein million gonger når eg vil eta noko som er kjapt, varmt og godt og/eller viss eg vil bli kvitt brød- og osterestar. Ananas + smelta ost er ein uslåeleg kombinasjon. Det er juks å ha på kjøtpålegg eller krydder av noko slag. Det skal altså vera brød + ein stor ananasring + ost. Og ketsjupen må på til slutt, etter at ostesmørbrøda er tekne ut av omnen. Nam!

17. mars 2011

Kontrastar

Det er snø i Japan også. Men det er vel alt som er likt. Støtt hjelpearbeidet, f.eks. gjennom Røde Kors.

13. mars 2011

Saum og draum

Trass i mange meter med nyinnkjøpt stoff (+ eit allereie velfylt stofflager), blir blir det ikkje så mykje tid til sying som eg drøymer om ... Eg drøymer stadig om å ta turen til Stoff og stil, og eg har laga meg ei laaang liste over alt eg har lyst til å sy. Det er jo så kort veg til den fine butikken, og det var ikkje noko problem å ta med poden dit, som vi ser.

Men det gjeld å ikkje berre drøyma. Og no har eg funne ut at det einaste som kan få fart på syinga, er når eg har eit heilt konkret mål med syinga, dvs. at det eg syr, skal brukast ved eit bestemt høve. Som då eg gjekk gravid og skulle sy gravidkjole til å bruka i eit bryllaup. (Eg rakk å bruka kjolen tre gonger, faktisk.) Eller no forrige helg, då Tryggve blei døypt (største dåpsbarnet i mils omkrins, sikkert), og eg hadde bestemt meg for å sy dåps-outfit i form av ei skjorte og ei bukse (ingen dåpskjole, nei). Eg sydde og sydde. Og blei ferdig! Skjorta sydde eg etter ei oppskrift frå den fantastiske klassikaren Børnetøj du selv kan sy. Skjorta såg slik ut:
Eg likte dei tre legga på kvar side, men droppa å sy legg på ermene. Eg laga pose-ermer i staden for å få skjorta til å passa betre til buksa (pose-bukse). Det er også eit legg på ryggen, og det var superstilig. Det var første gongen eg sydde ei skjorte, og eg digga det. Fin oppskrift! Eg brukte eit lysegrønt lintstoff. Diverre har eg ingen supergode bilete som viser skjorta, innser eg no, men her er eit glimt av hovudpersonen saman med bror min:

Eg valde treknappar fordi eg tykte dei passa så fint til det litt røffe linstoffet (tjukk lin). Han hadde ei kvit ulltrøye under skjorta, det er ho som stikk fram over navlen;-)

Buksa sydde eg etter dette mønsteret, og her valde eg lin i ein annan farge for å unngå at antrekket skulle få ein slags uniform-look. Eg må ta bilete når guten har på seg begge plagga samstundes, for han blei skikkeleg smashing, men enn så lenge får eg visa fram eit bilete av buksa i grelt blitzlys, før eg hadde festa strikkane:
Det som eg blei litt nøgd med, var blondekanten. Kjøpte blonder på Stoff og stil (åf kårs) og tykte dei pynta opp buksa. Kven seier at gutar ikkje kan gå i blonder? Vonleg får han på seg kleda til 17. mai! Eg sydde storleik 1 år, men kleda sit perfekt allereie, som vi ser ...

Uansett, eg veit ikkje heilt kva som blir neste syprosjekt enno. Eg må finna ein dato og eit høve først! Og drøyma litt innimellom.

2. mars 2011

Marmelade til folket!

Fine, fine Marmelade-butikken har utlodning på Epla. Jeje! Eg har kjempelyst til å vinna gåvekort der, og det kan du også! Check it out!