Eg gløymer ofte å blogga om småplagg eg har strikka, men denne gongen hugsa eg det. Eg har strikka ei enkel, kjapp og fin lue av garn eg har hatt liggjande ei stund. Garnmerket er Misti – eit garn i 100 % alpakka, og som eg strikka mange skjerf, halsar og luer av for nokre år sidan. Garnet er svært tjukt, mjukt og sterkt (eg slit alltid av tråden i staden for å klippa, men denne var vond å slita av!). Eg trur lua kjem til å varma ganske bra. Eg har meir garn att, og eg trur det er nok til ei lue til.
Luefakta:
Luefakta:
- Oppskrifta er frå Du store alpakka og ligg gratis på nettet
- Lua var ei gåve til Jostedalsrypa, som både har fylt år og levert doktorgradsavhandling