... han er gul som sola!
Eg er så nøgd! I København kan ein finna fullt av små butikkar som sel ganske så unike kjolar. No i juli var eg innom ein 50-talskjolebutikk (heilt fantastisk, men eg
kjøpte ikkje noko), mange bruktbutikkar og små butikkar som sel
eigenproduserte kjolar.
Denne gule kjolen fann eg på den fantastiske butikken Divaen og Krudtuglen i bydelen Nørrebro (bydel som er eit must å vitja). Her sel dei både kjempefine og særs solide leiker (lite plast, mykje tre – Tryggve kjøpte seg eit verktøysett), kjempefine klede til barn (blant anna har dei det økologiske merket Ej sikke lej), og så har dei ei lita avdeling med kjolar og bukser dfor vaksne. Merket heiter Millou og blei skapt av to danske damer i 2006. Divaen og Krudtuglen er den einaste butikken som sel merket, så det er ganske så unikt.
Ein ser at kjolen er vakkert sydd, her er det ingen saumar på skeive, feil eller manglar. Det er ein omslagsskjole, så ein kan knyta så laust eller stramt ein vil. Han var litt vid i overdelen, tykte eg, så eg må kanskje sy han litt inn i sidene.
Kjolen er sydd av det velrennomerte stoffet Liberty of London. Det er tynt og silkeaktig bomullsstoff, og det er mogleg å kjøpa metervare og sy eigne klede av det, men det er ganske så dyrt (kjolen var ikkje heilt billeg, heller). Stoffet er veldig behageleg å ha på. Kjolen var litt gjennomsiktig, så eg var særs nøgd då eg fann ein supermjuk underkjole på Gudrun Sjöden, som passa heilt perfekt til kjolen.
Så om du skal til København på kjolejakt, styr unna H&M på Strøget, og peil deg inn mot Elmegade 22, der denne butikken ligg. I denne gata ligg det dessutan mange andre kule butikkar og fine kaféar. (50-talskjolebutikken låg like ved.) Vi åt på The laundromat café i Elmegade 15, og det var kjempegod mat både for store og små.
1 kommentar:
Å! For ein fin kjole. Han krev nesten ein liten sumarfest i Jostedalen.
Legg inn en kommentar