29. desember 2012

Nostalgiske dropar

Er det nokon som hugsar denne?
Året var 1990, og eg var 15 år. Eg kjøpte min første parfyme, og det var altså Samba. Lukta var veldig populær, hugsar eg.

Eg trur eg kjende lukta for første gong i ein sånn luktereklame som låg inni eit blad. Det tok ganske lang tid før eg kjøpte meg parfymen. Og eg hugsar at eg blei litt småskuffa då eg endeleg fekk spraya på meg dei etterlengta dropane. For lukta kjendest liksom litt annleis ut på meg (velkjend problem).

Lukta er veldig fjortis, og eg kjem aldri til å bruka opp parfymen sjølv om om det er 2/3 att av flaska. Den einasta funksjonen parfymen har, er at han fungerer som tidsmaskin. Flaska står heime hos mamma og pappa, og kvar gong eg er heime, tek eg ein liten sniff. Det er rart med det, men lukter vekkjer minne. Det vesle sniffet er alt som skal til for å bli teken 22 (!) år tilbake i tid eit ørlite sekund.

2 kommentarer:

Anja sa...

Åh! Den hadde eg og! Og Anais Anais. Og Exclamation! Eg brukte veldig mykje parfyme på den tida :)

Ragnhild sa...

Å ja, eg hugsar dei parfymane:-) Dei stod nok på mangt eit fjortisbad på den tida.