3. mai 2012

Sauen min

Vesle Bæ fyller snart 1 år og 10 md. Sidan han blei fødd, har håret fått gro. Eg har klipt luggen to gonger av praktiske årsaker. Håret ser ikkje langt ut når det krøllar seg, men når det er vått, rekk det eit stykke nedover ryggen ... Og håret er langt på toppen, men pinnkort på sidene, bortsett frå nokre lange fjoner som festar seg til omgjevnadene innimellom. Håret byrjar altså å bli litt upraktisk. Så kva gjer ein? Jau, bestiller frisørtime hjå den beste frisøren i verda. Eg er med andre ord ikkje redd for resultatet. 

Men når håret hans er nyvaska og krøllene legg seg så fint oppetter nakken, ja, då tenkjer eg kvar gong at eg bør avbestilla frisørtimen (som er midt i juni). Dei er jo så fine! BÆ! seier guten sjølv i ein kommentar. Eg tolkar det som eit ja ... Hm.


2 kommentarer:

Tarjei Vågstøl sa...

Vi gjorde enkel prosess med saueklypparen sumaren Omar fylde to år, og det synte seg at krøllene hans var typiske "babykrøllar".

Fru Keilegavlen sa...

Så herlege. Skjønar at det er vanskeleg å bestemme seg for kva ein skal gjere. Ønskjer deg ein fin søndag.