12. januar 2012

Hei, 28. mai 1987!

Pakkeliste for éi overnatting i telt i hagen:
  • ei skoøskje med diverse gjenstandar ein kan få bruk for
  • teikneblokk
  • minst tre tjukke Donald-bøker
  • diverse leiker
  • vekkjarklokke
  • endå fleire bøker
  • penner, tusjar og anna teikneutstyr
  • jojo
  • Rubiks kube (obligatorisk) 
(Jupp, i 2012 ville vi nok ha greidd oss med berre to berbare pc-ar.)

Vi hadde budd oss godt! Berre så synd at det blei så rått og vått og kaldt (slik er det med tøytelt utan botn ...) at ein luska inn i eiga seng etter nokre få timar. Ikkje ein gong ein berbar pc kunne ha hjelpt då.

5 kommentarer:

Siri @ Strikk og tøys sa...

Fantastisk fint!

Fru Keilegavlen sa...

Så koseleg!

Mette sa...

Fantastisk bilde og alt er veldig fint lina opp ser eg. I alle fall i din ende. Klarte du å få til alle sidene på kuben eller har du plukka han ifrå kvarandre og satt han i hop? Eg lærte aldri det der.

Ragnhild sa...

Ja, dette var tider:-) Mette: Ja, eg greidde det, meiner eg å hugsa. Men eg hugsar også at eg flytta på klistremerka;-)

Monstermønster sa...

Så kjekt! Vi flyttet ofte ut i hagen om sommeren, men klarte hver gang sette teltet på samme plass, oppå jordmaurstedet. sukk.

Endte med hyl og skrik og sove inne allikevel.

To uker senere dukket teltet opp på samme sted igjen. Ny gjentagelse av historien.