Det har vore litt lite liv her inne i det siste. Har rett og slett ikkje hatt ork til å blogga. Men då eg var på butikken i dag og såg lakrisis (!) i isdisken, fekk eg bloggelyst. Eg fekk rett og slett hjartebank då eg såg boksen:
Wowowow! Boksen blei med meg heim, og eg fekk litt hakeslepp då eg opna han:
Svart is! Haha! Og han smakte heilt fantastisk. Ganske søt, men samtidig salt. Heilt perfekt! Det blir farleg å ha denne i frysaren ...
5 kommentarer:
Lakrisis mmmm veit ikkje eg. Eg likar lakris, men i is?? Kanskje eg må prøve den?
Åh, såg kjempegod ut. Trur eg må ut og finna ein slik før det blir påskestengt ;)
Må prøvast! Smakar fortreffeleg!
Skeptisk!
Hei for en koselig blogg du har!! og den isen MÅ jeg bare prøve! Hilsen anette&tutta fra tøybleier.no
Legg inn en kommentar