20. mars 2011

Nytt garn i hus

Ja, eg har vel eigentleg ikkje mangel på garn, men då Pickles annonserte at dei hadde open dag på lageret sitt i dag, måtte eg jo berre ta meg ein tur ... Eg var flink som ikkje kjøpte opp ca. heile lageret. Dei har sååååå mykje fint garn! I fargar som er til å eta opp. Trikset for å ikkje kjøpa uante mengder garn, er å kjøpa garn med ein plan. Og det gjorde eg. Dvs. nesten. Sjå berre her:
Eg elskar sennepsgult, og med dette garnet skal eg strikka dette sjalet. For ein gongs skuld til meg sjølv.

Dette er økologisk bomullsgarn, og det skal eg bruka til å strikka denne fine toppen til poden.

Oj, desse fargane liknar jo på garnfargane over. Det la eg ikkje merke til før no. Og oj igjen, for eg har visst ingen plan for dette garnet enno. Uansett, det var i alle fall på sal, og eg har tenkt å bruka det saman med det same garnet i andre fargar som eg har liggjande. Det er heilt utruleg at dette er ull, for det er så mjukt og godt!
Desse to nysta kjøpte eg for 10 kr per stk frå restekorga, og eg anar ikkje kva garn det er, bortsett frå at det til venstre kjennest ut som ull (ingen plan for dette ...), og det til høgre definitivt er bomull (kan passa til å strikka kjøkkenklutar med.)

Ok, det forpliktar litt å blogga om garnfunna og strikkeplanane mine, så her er det berre å setja i gang!

Oppdatering:
For de av dykk som ikkje kunne vera på lagersalet i dag: Det er mogleg å kjøpa garn på tilbod på nettet også:
 
Og gjett kven sin rygg vi ser på biletet over da? Hehe ...

7 kommentarer:

sukkerungen sa...

Oi, dyktige damen altså! Gler meg til å sjå kva du lagar :)

Siri @ Strikk og tøys sa...

Ohoi! Åååååhhh, så mye fint! Hadde så lyst til å dra dit selv, men måtte ut av byen i dag. Kanskje like greitt, for jeg har ingen konkrete planer og hadde vel kjøpt opp hele lageret....

Tøysetoppen har jeg strikket selv, den blir kjempefin i de fargene :-)

Gleder meg til å se ferdige produkter!

Meisetass1 sa...

Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

Gagn sa...

Mykje fine fargar her!! Du er heldig som har hatt sjansen til å stikka innom Pickles sin opne dag :) Eg "piner" meg gjennom litt garnlager for tida. Blei verkeleg freista av alt garnet du viser! Den der rillestrikka t-skjorta/toppen du skal strikka var jo kjempesøt! Fekk kjempelyst eg óg...

Torunn sa...

Oi, så gøy!! Eg har enno ikkje prøvd pickles sitt garn. Spennande.

Heidi / I'm with Leia sa...

Vurderer sterkt å gå amok i pickles nett butikk, få alt sendt til mamma i Oslo så jeg kan hente det der, da jeg elsker Pickles men bor i Køben og da skal jeg betale toll og moms for ting fra Norge :( (men vet ikke hva mannen sier til det da jeg har 2 fulle hyller med garn hjemme...)

Superfine farger! Gleder meg til å se hva du finner på :)

Mette sa...

Nydelege fargar Ragnhild. Award til deg på bloggen min.