19. januar 2011

Haustvest

Sjå så fin vest eg har strikka!
Jepp, dette strikkeprosjektet har eg gledd meg til å visa fram. Oppskrifta er frå Pickles og ligg her. Eg strikka storleik 4 år, sidan vesten var ei gåve til ei jente som nettopp fylte 4 år. Eg strikkar veldig laust, så vesten kan nok passa fint seinare i år også.

Eg digga å strikka vesten! Både fordi det gjekk utruleg fort å strikka (med tjukt, mjukt extra fine merino-ull frå Pickles) + at det var utruleg artig å strikka daisy-mønsteret då eg først kom inn i det. Eg tykkjer ikkje forklaringa på korleis ein skal strikka mønsteret, var heilt god, så då var det supert at Pickles-damene hadde lagt ut ein instruksjonvideo med nyttige daisy-tips og triks – f.eks. at det er utruleg viktig å ikkje stramma trådane for mykje.
Sjå så fint mønster da! Og eg er nøgd med fargane (som eg sette saman av garn eg hadde liggjande). Ser ut som sukkertøy! Dette mønsteret må eg definitivt strikka fleire gonger. Men før eg gjer det, skal eg strikka noko utruleg kult, nemleg monsterbukse! Vent og sjå!

7 kommentarer:

Kort og Søm sa...

Kjempe fin! :O)

Gudrun sa...

Utruleg fin! seier mor misunneleg

Strikk og tøys sa...

Så flott! Jeg har sett på denne på sidene til Pickles noen ganger. Synes det ser litt komplisert ut, men sier du at det er enkelt når man kommer inn i det, så stoler jeg på det :-) Fine farger!

Torunn sa...

Nydeleg!! Heldige ho som får den.

Ragnhild sa...

Takk for fine kommentarar! Strikk og tøys: Du greier det garantert!:-)

rypa sa...

Kan eg ynskje meg ein slik til førtiårsdagen?

Ragnhild sa...

Men eg har ikkje oppskrift som passar til 40-åringar, Eli;-)