7. januar 2011

6 månader!

Den vesle, fine guten vår er 6 månader i dag! Hipp hurra! Han har blitt heile 10.5 kg og 70.5 cm, så han er ein stor gut. Det er utruleg å tenkja på alt han har lært i løpet av denne korte tida. Ikkje berre kan han sitja. Han kan sitja og lesa (vel ... sjå, i alle fall) kritisk i ei tøybok:

Han kan sitja heilt roleg i si eiga verd og berre sjå ut gjennom kjøkkenvindauget:

Han kan sitja ved stovebordet og føra ein samtale med mamsen (som er på Facebook):

Han kan le av vitsane mine:


... og han kan mange, mange andre ting. Vi har ei bok som vi kallar Tryggveboka, der vi skriv ned nye ting han har lært seg. No skjer det så mykje at det er vanskeleg å hugsa alt dersom vi ikkje skriv det ned med ein gong. Og boka er jammen meg snart utskriven. Kvar skal dette enda?

6 kommentarer:

Kort og Søm sa...

Det var jammen en storsjarmør!
God helg :O)

Mette sa...

He, he, fine bilete og ein storfin gut. A er 12 kg no og var 71 cm då ho kom 13,5 mnd gamal, men ho var lita ;-). Berre gle deg til alt det han skal læra. Det er utruleg, og det kjem i rykk og napp.

Torunn sa...

Så koseleg. Herlege bilete av ein storsjarmør.

Ragnhild sa...

Takk for helsingar:-) Ja, Mette, det blir stas med alt han skal læra! Det blir artigare og artigare for kvar dag som går.

Rosa+epler sa...

ååå-han er super herlig!
Kjempe godt bilde når Tryggve les i boka!
-eg likar!

Fivrel sa...

Lenge sidan eg har vore på vitjing hjå deg no, Ragnhild, og det var gama å sjå prosjekta dine - det beste og finaste er sjølvsagt den lisle store guten din! Berre eit halvt år - og så mykje han har vakse og opplevd og lært og røynt allereie!

Det aller beste biletet er utan tvil dét der han les i boka - og SLIKT eit kritisk og mildt misnøgd uttrykk ville eg også hatt dersom eg hadde sett ei bok med SÅ tjukke kattar i. Det er IKKJE sunt, korkje for kattar eller myser (eller folk for den saks skuld) å vere så smellfeite.

Eg tilbyd besøk blant dyr og gardsliv dersom denne velutvikla evna for vurdering av dyrs ve og vel held fram hjå sonen dykkar ;-)