30. september 2010

35!

I dag har eg bursdag! Juhu! Det er eit sikkert haustteikn. Nett no sit eg med ein liten sovande gut på magen i nyinnkjøpt meitai og drikk særs god kaffi, så då kan det vel eigentleg ikkje bli betre. Sola skin frå blå himmel, og litt seinare i dag skal eg til den beste frisøren eg veit om og fornya meg. Det blir dig! Mannen i huset laga kjempegod frukost med rista kaksjiver, eggerøre, bacon (eller beiken?), mango-smoothie og kjempegod kaffi, noko som er ganske så luksus, i og med at frukosten min som regel er tre knekkebrød i ein fei for tida. Det er ikkje noko som slår dei enkle gleder!

Dagens bilete er frå gamledagar (1981 – trur eg), på den tida då bursdagar var like stor stas som den dag i dag. Og på den tida då bukseselar og strømpebukser tydelegvis var ein heilt vanleg kombinasjon.


6 kommentarer:

Kort og Søm sa...

Gratulerer med dagen! :O)
Strømpebukser og bukseseler...*smiler*..ja, hvorfor ikke.. :O)

sukkerungen sa...

Gratulera så mykje med dagen :) Du er ikkje langt unna å vere 5 år yngre enn meg. Og stilen på bildet kjenner eg godt - likte gardinene spesielt!

Midtbo sa...

Gratulerer med dagen!! Og så hyggelig at det var du som skulle ha siklesmekkene (hadde en liten mistanke, men kjekt å få det bekreftet) og enda bedra at du likte de :). Måtte lese frisørinnlegget ditt og kjenner jeg misunner deg litt som har funnet en du liker. Kjente meg veldig igjen i de forskjellige beskrivelsene... Nyt frisørtimen og dagen! :)

Rosa+epler sa...

Gratularer med dagen!!

Frk. Fjong sa...

Gratulerer med overstått bursdag, høres ut som en alle tiders dag!

Ragnhild sa...

Tusen takk for helsingane, alle saman!:-) Eg hadde ein veldig fin dag, sjølv om eg kom 10 minutt for seint til frisørtimen. Slik er det når ein har baby ...