22. august 2010

Juhu! Ny katalog frå Stoff og stil!

Den nye Stoff og stil-katalogen kom her om dag, og som vanleg får eg lyst til å kjøpa stoff i lange banar og sy tusen ting.

Av barneklede likte eg veldig godt alt vi ser på denne sida:
Den stripete kjolen har faktisk vore med i ein katalog tidlegare, men i andre fargar. Det hugsar eg fordi eg kjøpte mønsteret og planla å strikka han. Men det har det ikkje blitt noko av. Den baggy broka trur eg kan passa fint til ein gut, så ho har eg lyst til å sy.

Elles likte eg godt snittet på denne kjolen:
Det er kanskje litt vanskeleg å sjå men det er snøring rett under bringa. Med det rette stoffet kunne eg godt ha tenkt meg å sy og gå i denne kjolen.

Så er vi over på det som eg garantert kjem til å mekka frå katalogen. Då eg var i Stoff og stil-butikken sist, kjøpte eg ei uro og planla å hekla desse søte dyra til å henga opp i uroa:
Eg kjøpte oppskrifta på nettet, eg kjøpte garn, og eg kjøpte vatt til å ha inni dyra. Men fordi eg aldri har hekla figurar før, og fordi oppskrifta er på engelsk, har prosjektet blitt liggjande. Det skal veldig mykje til før eg orkar å gå i gang med dette nett no, merkar eg. Eg har rett og slett fortrengt det.

Men så! Den siste katalogen har løyst problemet mitt:
Kva er så dette? Jau, det er stoffbitar med vatt inni. Dei har blitt klipt ut av dette søte stoffet:
Superenkelt! Eg har utruleg lyst til å kjøpa dette stoffet, sjølvsagt, men skal halda meg i skinnet (inntil vidare). Eg har nemleg stoff liggjande som kan passa ypparleg til prosjektet. Dette er jo ikkje like fint som dei fine hekla dyra, kanskje, men dyra kan eg jo hekla ein annan gong og bruka til noko anna.

Det største problemet er kanskje at eg ikkje greier å finna ut kvar eller korleis eg kan henga opp uroa ... Ho er til Tryggve, sjølvsagt, og då er det jo best å henga henne over stellebordet på badet, men eg skjønar ikkje korleis eg skal få festa uroa i taket utan å borra og styra. Nokon som har tips til korleis eg enkelt kan henga opp uroa i taket utan å øydeleggja det? I mellomtida skal eg kasta meg over stoffa.

5 kommentarer:

Midtbo sa...

Hei! Først av alt: GRATULERER MED EN TRYGGVE! Ut i fra bildet ser han helt nydelig ut, og går ut i fra at det stemmer bra med virkeligheten :). Har tatt litt sommerferie fra internett, og oppdaga plutselig at jeg hadde gått glipp av noen innlegg her. Og den nye stoff og stil-katalogen har jeg ikke fått studert, så fint med litt oppdatering der. Vi har stellematte på vaskemaskinen mellom en vegg og dusjen, og da er det mulig å feste sugepropper på hver side og et tau imellom - forstår? Tåler ikke så mye vekt da. Badet er ikke enkleste plassen å henge opp. Men en liten krok i taket er kanskje lov? Går jo an å sparkle og male hvis en ikke vil ha den der lenger. Men litt kroker her og der er generelt veldig gøy :) Lang kommentar. Må bare få med at kjolen under var skikkelig fin også.

Tøybleiemamma? sa...

den buksa i stoff og stilkatalogen var rå!

Torunn sa...

Så herleg uro!! Og mykje anna flott i den nye katalogen. Kanskje du kan feste ein enkel krok i taket?

rypa sa...

Du kan òg hengje opp ein fire-fem tøybleier i taket. Det trur eg vert fint.

Elles kan du teipe uroa opp så lenge han er så liten at han ikkje grip. Då har du utsett problemet, og det er eg tilhengjar av. Me har elles eit uro-hol i taket på det rommet som me har brukt til beibiane våre (dvs beibisengene - sjølve beibien har jo hamna inne hjå oss), og det holet gjer no ikkje meg noko.

Ragnhild sa...

Midtbo: Tusen takk! Lurt med snor og sugeknottar! - Det er ikkje så lett å få til på badet vårt, diverre:-(

Tøybleiemamma: yeees!!!

Torunn: Vi tør ikkje å borra i taket. Dvs. er ganske dårlege til slike ting ...

Rypa: Tøybleier var ein god idé! Og kanskje ein supersterk tape gjer susen, ja? Gaffatape, f.eks.?