18. august 2010

Frå mammakjole til ammekjole?

Det er litt seint å visa fram mammakjolen eg sydde, men betre seint enn aldri. Dette er eitt av få bilete eg har av meg med kjolen på.

Eg sydde inn utringinga og justerte beltet etter at eg tok dette biletet, noko som førte til at utringinga mildt sagt blei stor. Difor kjøpte eg ein kvit blondeaktig topp til å ha på under, som stakk opp akkurat der han skulle. Det blei faktisk ganske fint!
 
Her er eit litt koko bilete der toppen er synleg.
I og med at utringinga er så giga kan eg kanskje vurdera å bruka kjolen som ammekjole? Det står att å testa.

Uansett: Eg er kjempenøgd med mønsteret eg brukte! Eg forstod alt, sjølv om det var skrive på engelsk syspråk. Eg grudde meg til å sy i glidelåsen, men det gjekk kjempebra. Eg kjøpte mønsteret på nettet og har lyst til å finna fleire mønster av denne typen. Eg sydde forresten laaang kjole og ikkje knelang, i og med at eg hadde så mykje stoff. Dessutan tykte eg det blei finast. Stoffet var fantastisk godt å ha på seg i varmen. Det var svalt og godt. Litt stolt av at eg greidde å bli ferdig i tide! – og at eg rakk å bruka kjolen heile tre gonger før ungen kom.

7 kommentarer:

Rangla sa...

Nydeleg kjole, Ragnhild! Heilt imponert over at du har sydd den sjølv!

Ragnhild sa...

Takk, Ragnhild! Det er ikkje så vanskeleg som det kan sjå ut som. Og mønsteret var gull, som sagt. Då er alt mogleg:-)

Heidi sa...

Super fin kjole! Du er en flink, ser ut til å passe som ammekjole også :)

Rosa+epler sa...

Du var nydelig!
i din eigen kjole -stas!

Tenkjer den funker som ammekjole,
2 i 1. Kupp!

Håpar dagane er gode,
i lag med han heilt nye.

God helg,
Elisabeth

Ragnhild sa...

Heidi og Rosa + epler: Tusen takk!:-) Spørs om det går an å ha kjolen som ammekjole. Meieriet har jo endra litt storleik sidan eg var høggravid ... Men eg skal prøva;-)

Smake sa...

For ein nydeleg kjole og for ei nydeleg gravid dame! Du ser kjempe lukkeleg ut!! Målet er definitivt å sjå like flott og glødande ut den dag eg blir gravid!

Ragnhild sa...

Så snilt sagt, Smake! Særleg fordi eg ikkje akkurat kjende meg så lekker med mine 91 kg som høggravid:-)