På Mammabutikken.no kan du lesa kvifor natursutten er så bra.
No er det litt vanskeleg å spørja hovudpersonen sjølv om kva han tykkjer om smokken, men alt tyder på at han likar han godt:
Hanken er ganske stor, så ofte ligg han og held rundt denne, faktisk. Søtt! I tillegg til at eg sjølvsagt likar at smokken er fri for gift og drit, likar eg særleg dette:
- Når Tryggve sovnar med smokken i munnen, hender det at smokken ramlar ut og at han ligg med andletet på smokken. Fordi smokken er supermjuk, blir det ingen stygge avtrykk i andletet. Det er veldig praktisk om natta, når vi ikkje har høve til å få med oss alt som skjer.
- Det er ingen holrom i smokken, så han er enkel å halda rein. Det er berre å leggja han i kokande vatn i nokre sekund, så blir han fin. (Vi har fleire smokkar vi byter mellom, altså.)
- Eg likar at smokken etterliknar ammesitusjonen – både dette med at smokken er så stor og at tutten har den fasongen som brystvorta får når ungen syg i seg mjølk. No har Tryggve aldri hatt problem med å få i seg mjølk, men for dei som slit med det, vil eg tru at smokken kan vera fin. Tradisjonelle smokkar krev nemleg ein annan sutteteknikk enn ved puppen, og nokre babyar greier ikkje denne vekslinga.
- Han er kul å sjå på! Det er litt sånn retrostil over han. Eg veit ikkje kor mange spørsmål vi har fått om kva i alle dagar det er Tryggve suttar på, og det gir jo eit godt høve til å reklamera for natursutten.