Då er eg ferdig med mitt første syprosjektet frå boka
Barnetøj du selv kan sy 0–4 år. Boka er frå 1979, så dette er 70-talshimmelen, altså!
Eg har sjølvsagt dokumentert litt av prosessen. Det som er bra med denne boka, er at ho inneheld enkle og forståelege mønster. Og så er kleda superfine, sjølvsagt. Eg sakna litt meir detaljerte forklaringar av og til, men eg er jo ingen proff, då. Det var buksa til den vesle guten på biletet som var målet.
Eg valde meg eit turkisrutete bomullsstoff (bombe) som eg har kjøpt på
Stoff og stil. Stoffet er litt ruglete å ta på, og det likar eg.
Syinga gjekk som ein draum heilt til eg skulle sy på skråband. Dvs. til eg skulle sy på skråband i ein sving! Det var ikkje lett å få fint, og eg er jo ei utolmodig sydame. Men det blei da ikkje så aller verst. Eg hadde berre mørkegrønt skråband liggjande, og det er eldgamalt! Fann det i ein uopna pakke i syskrinet til mamma, som det stod "S-laget 12.90,-" på. Det hadde slett ikkje gått ut på dato!
Eg trur kanskje det ville blitt enklare å sy med breiare skråband, men smale skråband blir jo veldig fint.
Ok, eg hoppar over den kjipe prosessen med å sy knapphol, montera strikk i føtene og trykk-knappar i skrittet. Det tok eg faktisk ikkje bilete av ein gong. Trykknappane var veldig vanskelege å montera fint. Eg sydde i fire stk. Neste gong skal eg bruka trykknappar som ein slepp å
sy fast, dvs.
slike. Nokon som har erfaring med å montera desse? Resultatet blir vel finare, eller hur?
Eg sydde i nokre lysegule knappar sidan fargekombinasjonane allereie var litt snåle.
Og tadaaa! Her er den ferdige buksa. Eg er ikkje heilt nøgd med alle sømmane, men heldigvis trur eg dei fleste av dei er usynlege. Og no veit eg kva det er lurt og ikkje å gjera neste gong. For det er nok ikkje siste gongen eg syr noko frå denne boka!